Sjå nærare på nettsatsinga til Sunnhordland

Ein tur innom nettsidene til Sunnhordland vil truleg gjera deg imponert. Det vart i alle fall vi. Her er det veldig mykje forskjellig stoff for lesarane. Debattinnlegg er via stor plass, helsingar også. Du finn og fleire spennande spalter som “Den gongen” språkspalta, quiz, lokalkupongen (du kan senda inn tippetips på lokale kampar), skipstrafikken, videoinnslag og veldig mykje meir. Du får ei oversikt over alt ved å sjå på “A til Å”. Avisa byrja å ta betalt på nett frå 13. mai. Redaktør Magne Kydland er oppteken av å halda trøkket oppe digitalt.


– Me har i overkant av 20.000 unike brukarar per veke, eit tal som datt litt ned etter at me byrja å ta betalt på nett frå 13. mai, men som sig sakte, men sikkert opp att. Talet på vekentlege sidevisningar er rundt 200.000. No etter ferien har me hatt fokus på debatten på nett, og i sist veke hadde me 6.000 treff på debatt, noko me er godt nøgde med. Elles jobbar me no med stadig nye prosjekt – alt frå lokal kviss til meir fokus på nett-tv. Det er viktig å halda oppe trøkket digitalt etter at me byrja å ta betalt, fortel Kydland.
Sunnhordland er også svært aktive på både Twitter og Facebook.