Verbet å kødde

Verbet å kødde har kome inn i bokmålsordboka, men ikkje i nynorskordboka. Det er slang, og tyder vanlegvis å tulle eller tøyse.

Ordet kjem av ein kødd som altså er ein testikkel, og som i alle fall tidlegare vart rekna som eit relativt sterkt skjellsord. Mange vaksne folk har truleg framleis negative assosiasjonar til kødd og kødde, og difor bør vi vere varsame med å bruke desse orda.