I Avisa Hordaland sin reportasje om bikinifitness stiller journalist Sara Finne og fotograf Ingerid Jordal kritiske spørsmål, samstundes som dei tek utøvarane seriøst.
Bikinifitness vert stadig meir populært blant unge jenter i Noreg. Hordaland har følgt ei lokal jente i fleire veker, under oppkjøringa til NM, og under sjølve konkurransen. Gjennom skildringar av trening og matregime får lesarane eit nøkternt innblikk i motivasjonen og kroppspresset.
Ein ernæringsfysiolog, presidenten i Norges kroppsbygger- og fitnessforbund, Hanne Høyland som har laga film om sporten og trenar Lene Alexandra Øien kommenterer.
Her finn du pdf av reportasjen.