Hallingdolen-Arne-Jensen

Arne Jensen set kommunen på plass

Politikarane sin lojalitet skal ligga hos veljarane, ikkje hos kommunen, seier Arne Jensen, som meiner politikarane står fritt til å kritisere administrasjonen i kommunen.

Politikarane sin lojalitet skal ligga hos veljarane, ikkje hos kommunen, seier Arne Jensen, som meiner politikarane står fritt til å kritisere administrasjonen i kommunen.

– Kommunestyret i Nes gjer vedtak som bryt med prinsippa i Grunnlova og elementære menneskerettar, konkluderer Arne Jensen i Hallingdølen etter at tre politikarar har fått beskjed om at dei ikkje burde ha kritisert teknisk etat i kommunen.

Nes kommune har etiske retningsliner for folkevalde og tilsette. Kontrollutvalet i kommunen har slått fast at tre medlemmer i teknisk utval braut dei etiske retningslinene då dei i eit omstridt notat retta svært sterk kritikk mot teknisk etat. Generalsekretær i Norsk Redaktørforening Arne Jensen meiner at kommunen ikkje burde ha slike retningslinjer for dei folkevalde.

– Kommunen kan sjølvsagt vedta etiske retningsliner for dei tilsette. Å blande dei folkevalde inn i dette har ikkje kommunen høve til. Dei folkevalde er ikkje tilsette som kommunen kan instruere eller lage retningsliner for, seier Jensen. Han meiner at dei folkevalde sin lojalitet skal ligga hos veljarane, og ikkje hos kommunen.