Lokal & digital: Få kunnskap, praktiske idear – og møt gode aviskollegaer

Endeleg er det snart klart for LLAs Lokal & digital-konferanse på Flesland. Frå 3. november får lokalavisene meir om lokal debatt og engasjement på digitale flater.

Større lokalt engasjement og meir debatt i lokalavisenes kanalar fører til større trafikk og fleire digitale annonseinntekter. Kjem du til Bergen og Flesland i begynnelsen på november, får du og avisa di meir om alt dette. I tillegg til spennande foredrag og praktiske tips, får du også vere saman med gode bransjekollegaer i ett døgn. Det betyr også meir inspirasjon og meir kunnskap!

Her kan du melde deg på.

Lokal digital debatt er altså gjennomgangstemaet når vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) inviterer til høstens lokalavissamling frå torsdag ettermiddag 3. november. Klokka 18.00 varmer vi opp med debatt og samtale om lokalavisenes digitale muligheter – før felles middag og avisprat. Hovudprogrammet er fredag 4. november. Då byr blant anna Tone Friden og Stine Vandevjen Olsen i Polaris Media på enkle praktiske tips som alle kan bruke i kvardagen sin. Fleire lokalaviser i LLA-familien skal også dele praktiske erfaringar som du kan ta med deg tilbake til egen lokalavis.

Programleiarar er Lillian Holden og Ola Stave i Hallingdølen.

LLAs Lokal & digital er for alle på avishuset som vil ha inspirasjon og fagleg påfyll. Mykje av programmet er felles for alle deltakarar. På fredagen har vi to spor; redaksjonelt og marked. Då får markedsmedarbeidarane høyre meir om kva som skjer i det digitale annonsemarkedet no – samtidig som tre aviser deler praktiske erfaringar. I tillegg lanserer LLA si sjølvbeteningsløysing for digitalt lokalt annonsekjøp. Slik skal små lokale butikkar og organisasjonar på ein enkel måte få digital eksponering i lokalavisa si.

Du kan få med deg nyttig kunnskap både før og etter LLAs digitalkonferanse: Frå torsdag morgon inviterer LLA og Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) til starten på nytt graveprogram. Sjå meir om det her.

Når Lokal & digital er ferdig seinast klokka 15.00 fredagen, kan du gå vidare til «Hauststormen«, som Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening står bak. Alle samlingane er på samme hotel; Clarion Hotel Bergen Airport, bare fem minuttars gange frå Flesland lufthavn Bergen. Hvis du først deltar på LLAs Lokal & digital, får du 30 % rabatt på «Hauststormen».

Under her er foreløpig program, vi oppdaterer med fleire navn og detaljar om nokre dagar. Øverst og nederst i artikkelen, finn du påmeldingslenke til LLA og SUJOs samlingar. Vi må ha påmeldinga di så snart som mulig, helst seinast fredag 30. september.

Evt påmelding til Hauststormen, gjer du på deira nettsider. Merk påmeldinga di med «landslaget».

Hjarteleg velkomen.

PS! Dei treffande teikneseriestripene til Børge Lund har vi lånt frå Lunsh-kalenderen til Strand Forlag, som vi fekk på LLAs landsmøte i Ålesund. Vi håper alle kjenner seg litt igjen!😁

Foreløpig program:

Torsdag 3. november

10.00: LLA og SUJO starter nytt graveprogram for lokalavisjournalistar.

17.00: Innsjekk og registrering til LLAs Lokal & digital-konferanse

18.00: Oppvarming og kveldsdebatt: Slik ser den digitale framtida ut for lokalavisene, og slik vinn vi framtidas avislesarar. Med m.a. konserndirektør Marte Ingul i Amedia og redaktør Ståle Melhus i Fanaposten.

20.00: Felles middag og avisprat

Fredag 4. november

09.00: Felles for alle: Om lokalavisenes digitale muligheter

Redaksjonssporet før lunsj:

10.00: Slik kan du lukkast med video for å skape engasjement. Utviklingsredaktør Trond Sandnes i Folkebladet og Bergensavisens nye videosjef Torbjørn Fardal deler sine beste råd om korleis ein kan løfte videoinnhaldet med få ressursar.

11.00: Slik jobbar vi med redaksjonell utvikling i Polaris Media. Tone Friden og Stine Vandevjen Olsen byr på enkle tips som alle kan bruke i egen kvardag

Markedssporet før lunsj:

10.00: Dette skjer i det digitale annonsemarkedet no. Gunnar Nilsen, salgsdirektør Schibsted Vest

11.00: LLA lanserer digital sjølvbetjeningsløysing for lokale annonsekundar. Espen Forsberg, LLA, Eva Haukdal og Nils Kåre Nesvold i Fjell-Ljom og Mikal Rohde i Adnuntius

12.00: Felles for alle: Lunsj

Redaksjonssporet etter lunsj:

13.00: Slik skaper vi debatt, engasjement og trafikk i lokalavisene våre. To-tre aviser, blant anna Hordaland, om egne erfaringar og råd

Markedssporet etter lunsj:

13.00: Grannar, Hallingdølen og ei lokalavis til, deler nyttige erfaringar for å få fleire digitale inntekter

Felles avslutningsforedrag for alle:

14.00: Slik treff vi unge vaksne lesarar for å få meir samfunnsengasjement. Erfaringar frå Os og Fusaposten sitt arbeid med 20-40-åringane

Derfor er unge vaksne motvillige til å betale for nyheter. Med Marianne Borchgrevink-Brækhus, stipendiat i medievitenskap v/ MediaFutures, UiB.

Programmet er slutt seinast klokka 15.00. Det tar fem minuttar å gå til Flesland lufthavn Bergen. Hauststormen begynner fredag ettermiddag/kveld.

Påmelding her til LLAs Lokal & digital, og evt LLA og SUJOs redaksjonelle samling torsdagen.

Informasjon og påmelding til Hauststormen.

Vi må ha påmeldinga di så snart som mulig.

Her nokre minne frå fjorårets Lokal & digital-konferanse på Flesland. Melder du deg på i år, får du mykje av den samme stemninga.

Disse kommer på L&D!