Byen er Bergen og stedet er Radisson Blu Royal Hotell, Bryggen. Den offisielle landsmøteopninga er fredag 28. mars klokka 10.30 og under opninga deltar statssekretær Knut Olav Åmås i Kulturdepartementet. Eit av Norges nye unge songtalent, Lydia Hoen Tjore, står for kulturinnslaget. Deretter går det slag i slag med fellesforedrag, parallellsesjonar, prisutdelingar og andre opplevingar. Sjølvsagt får vi etterkvart også ein god smakebit av Bergen by og Strilelandet. Innimellom alt saman får du med deg kanskje noko av det som er aller mest verdifullt; samvær, erfaringsutveksling og idéskaping saman med aviskolleger frå store deler av Norge. Det er på LLAs landsmøte lokalavisfolk knyter kontaktar, får ny kunnskap, idear og ikkje minst inspirasjon til nye kvardagar. Vi håper at også du og dine kjem til Vestlandets hovudstad for å ta del i alt dette.
Nytt i år er at vi om fredagen slår saman det redaksjonelle sporet med eit Levande lokalsamfunn-symposium – også for folk i universitetsmiljøet. Saman med foredragshaldarar, LLAs egne pilotaviser, studentar, professorar og lokalavisene sjølve skal vi om fredagen jobba med god og inkluderande journalistikk og velfungerande lokaldemokrati.
Også du som arbeider med marked, teknikk eller administrasjon vil finna eit landsmøteinnhald som vonaleg vil gi nye perspektiv, praktisk nytte og inspirasjon. For alle blir første dagen mest om innhald og utføring, andre dagen meir om innpakning.
Under her ser du det foreløpig programmet, men legg merke til at du enda lengre ned på desse nettsidene også vil finna informasjon om aviskonkurransane og påmeldingsskjemaet for sjølve landsmøtet.
Fristen for å senda inn bidrag til aviskonkurransane er 24. januar. Samme dag er også fristen for å melda deg på til landsmøtet.
Vi ønskjer deg velkomen til Bergen.
Beste helsing styret og sekretariatet i Landslaget for lokalaviser
Førebels program
Dagen før dagen; torsdag 27. mars
12.00: Leiarkurs, bl. a. om ansvar og rollefordeling styre/administrasjon
18.30: Formelt årsmøte i Landslaget for lokalaviser
20.00: Middag og sosialt samvær på ”Sjøstuen” på landsmøtehotellet (for alle deltakarar som kjem torsdagen)
Landsmøtedag I; fredag 28. mars
09.30: Innsjekk, registrering og kaffe
10.30: Offisiell landsmøteopning med statssekretær Knut Olav Åmås, styreleiar Ståle Melhus, analysesjef Anne Jacobsen i Amedia og sopran Lydia Hoen Tjore. Programleiar: Per Vidar Raunholm, NRK Hordaland/Norge i dag
12.00: Tre parallelle faglege sesjonar/kurs;
Redaksjonelt symposium, om Levande lokalsamfunn og Public Journalism. Med bl. a. Petter Beckman, sjefredaktør i Södra Sidan, og Roger Buch, forskningssjef ved Danmarks Medie- og Journalisthøgskole
Marked, om mediedøgnet, annonsesalg og lokale annonsecases. Med bl. a. BTs produktsjef Karsten Refsdal og lokalaviser
Teknisk work-shop, om bildebehandling. Med Helge-John Hildershavn i Palografen.
13.30: Lunsj
14.30: Tre parallelle faglege sesjonar/kurs held fram;
redaksjonelt symposium, marked og teknisk work-shop
18.30: Aperetiff og prisutdelingar
20.00: Middag på hotellet
Landsmøtedag II; laurdag 29. mars
10.00: Motivator Trond Haukedal om nærhet, arbeidsglede og kvardagen i lokalavisa. Haukedal er ein av Norges beste på sitt område, har gitt ut fleire bøker og har sjølv jobba i avis. Kulturinnslag.
10.45: Fotograf Jonas Bendiksen om gode pressebilder og om å gjera det enkelt. Bendiksen reiser verden rundt for Magnum og National Geographic. Sist vinter hospiterte han i lokalavis på Helgelandskysten. I Bergen fortel han om arbeidsfilosofien og pressebildene sine.
12.00: To parallelle faglege sesjonar/kurs:
Redaksjonelt; Levande lokalsamfunn, cases og foredrag
Marked & teknisk; design av gode annonser – i papiravisa. Med Torill Mathiesen og Frode Haugland Pedersen i BT Reklame
13.00: Lunsj
14.00: To parallelle faglege sesjonar/kurs held fram:
Redaksjonelt; Levande lokalsamfunn
Marked & teknisk; design av gode annonser – i nettavisa. Med Torill Mathiesen og Frode Haugland Pedersen i BT Reklame
15.00: Vi opplever Bergen by eller Strilelandet. Velg ett av fem alternativ:
1) Varg Veums Bergen; by-vandring som avsluttes i ”Femte I Andre”
2) Ulriken; fottur eller taubane opp til Ulriken 643 m.o.h & taubane ned att
3) Hanseatisk senter på Bryggen; ei reise tilbake i tid. Mulighet for egentid i byen etterpå, for eksempel til shopping…
4) Historisk vandring, Strusshamn på Askøy (busstur ca halv time kvar veg)
5) Akvariet; Med MF Beffen over Vågen til omvisning på Akvariet. Mulighet for egentid i byen etterpå, for eksempel til shopping…
19.30: Festmiddag, prisutdelingar og kulturinnslag
Lyst til å bli med? Trykk på linken her for å få opp påmeldingsskjemaet, der du blant anna skal velga den parallellsesjonen du vil vera med på:
Husk eiga påmelding for kvar deltaker frå kvar avis. Også hotelovernattinga reserverer du via LLAs påmeldningsskjema. Eventuelle reisebillettar må du bestilla på eiga hand.
Frist: Så snart som mulig, seinast fredag 24. januar.
Bli uansett med i konkurransen om årets avisprisar! Last ned konkurranseinvitasjonen – og bli med på venskapeleg konkurranse med aviskolleger frå heile landet. Får avisa di heder og ære gir dette også nyttig oppmerksomhet blant lesarar og kundar.
Praktiske spørsmål om det eine eller andre? Send gjerne ein epost til Lene Østberg, LLA, lene()lla.no
Her kan du lasta ned linkar til eit utvalg transportselskap som kan ta deg til Bergen:
Husk eiga påmelding for kvar deltaker frå kvar avis. Også hotelovernattinga reserverer du via LLAs påmeldningsskjema. Eventuelle reisebillettar må du bestilla på eiga hand.
Frist: Så snart som mulig, seinast fredag 24. januar.
Bli uansett med i konkurransen om årets avisprisar! Last ned konkurranseinvitasjonen – og bli med på venskapeleg konkurranse med aviskolleger frå heile landet. Får avisa di heder og ære gir dette også nyttig oppmerksomhet blant lesarar og kundar.
Praktiske spørsmål om det eine eller andre? Send gjerne ein epost til Lene Østberg, LLA, lene()lla.no