– Dette er eit deltidsstudium som passar godt for dei som vil kombinere studiar og jobb. Dersom du jobbar i ein redaksjon, men manglar formell kompetanse, er dette studiet for deg, seier Birgit Røe Mathisen, professor i journalistikk og prosjektleiar for det nye studiet.
Studiet er på 30 studiepoeng, og går over 1,5 år. Det blir oppstart til våren, med søknadsfrist 15. januar. Her kan du finne meir informasjon og søke.
LLA i prosjektgruppa
Studiet er utvikla i nært samarbeid med Nordnorsk Redaktørforening og LLA. Begge organisasjonane er representerte i studiets prosjektgruppe.
Sjefredaktør i Folkebladet Steinulf Henriksen er leiar i Nordnorsk Redaktørforening. han har vore med å utvikle studiet.
– Som redaktør i eit lokalt mediehus, er kompetanse og rekruttering det viktigaste eg held på med. Det nye studiet gir små redaksjonar ei unik moglegheit til kompetanseheving i redaksjonen, utan at det går ut over den daglege drifta, seier han.
Også generalsekretær Tomas Bruvik i LLA sit i prosjektgruppa.
– I ei tid der rekruttering er vanskeleg, er det fantastisk at ein no kan ta ei god utdanning samtidig som ein er i jobb utan å flytte. Det gir moglegheit for fleire som jobbar som journalistar til å få ei formell utdanning, og det gir redaksjonane solid og viktig kompetanse, seier han.
Seks emne
Undervisninga blir særleg retta mot kvardagen som lokaljournalist. Studiet består av seks emne, kvar på fem studiepoeng:
- lokaljournalisten
- offentlegheit og innsyn
- frontsjefen
- grunnleggjande innføring i språk og intervjumetode
- grunnleggjande innføring i lyd og podkast
- grunnleggjande innføring i visuell journalistikk