Sommar, men sjekk høstprogrammet!

I desse dagar tar også vi i LLA-sekretariatet ein forhåpentligvis velfortjent sommarferie. Rett nok arbeider vi fortsatt for fullt med høyringsinnspel for avisdistribusjon, men deretter tar vi oss altså ein pust i bakken.

Samtidig er det mykje å sjå fram til når dei fleste i sekretariatet er tilbake første veka i august. Då kjem det også spennande arrangement på rekke og rad:

Torsdag 5. september inviterer LLA til mediebyrå- og lokalavissamling i nord. Påmelding til Fauske-turen er så snart som mulig. Sjå her for meir informasjon.

Frå fredag 13. september samarbeider LLA og MBL om tre nye dagskurs i programmatisk annonsesalg, ein teknologi også alle lokalaviser bør få med seg! Du kan enten komme til Gardermoen, Flesland eller Trondheim i høst. Flesland-kurset er i forkant av LLAs årlege digitalkonferanse. Meir her.

Torsdag 17. oktober og fredag 18. oktober er det altså klart for Lokal & digital på Flesland/Bergen. Vi varmer opp med programmatisk annonsekurs og teknologimesse torsdagen, før digitalkonferansen for lokalavisene begynner torsdag ettermiddag og varer i 24 timar. Foreløpig informasjon.

Dersom du alt no driv med langtidsplanlegging, kan du godt også legge inn i kalenderen LLAs landsmøte 2020! Det blir i Ålesund frå fredag 6. mars.

Har du viktige hastesaker som ikkje kan vente til sommarferien er over, får du tak i LLA-sekretariatet slik:

Lene Østberg, organisasjonssekretær, mobil 452 89 222, lene()lla.no

Geir K. Hus, markeds- og informasjonssjef, mobil 452 89 333, geir()lla.no

Rune Hetland, generalsekretær, mobil 452 89 444, rune()lla.no

Tomas Bruvik, innovasjonsansvarleg, mobil 411 08 523, tomas()lla.no

Epostkassane våre blir nok ikkje sjekka så veldig ofte i juli. Har du sendt noko til oss om saker som ikkje kan vente til ferien er over, bør du derfor sende ein SMS om det.

LLA takker alle medlemsaviser og øvrige lokalavisvenner for godt samarbeid så langt i år. Vi gler oss til å fortsatt gjere ein god jobb for avisene når vi er tilbake i august. På gjensyn og god sommar.

Beste helsing LLA-sekretariatet