Hallingdølen har hatt svært mange saker om flaumen, sjølv om fleire av journalistane har vore innesperra eller utan nett og telefondekning. (Skjermdump frå Hallingdølen)
Hallingdølen har hatt svært mange saker om flaumen, sjølv om fleire av journalistane har vore innesperra eller utan nett og telefondekning. (Skjermdump frå Hallingdølen)

Slik laga dei lokalavis i ekstremvêret

Lokalavisa er svært viktig i kriser – og treng gode beredskapsplanar. Det er mellom erfaringane som redaktørane i Hallingdølen, Fjuken og Dølen deler.

For ein del av landets lokalavisjournalistar har dei siste dagane vore prega av flaum, ras, stengde vegar og evakueringar. Samstundes som dei har jobba tidleg og seint for å få ut informasjon, har dei også sjølv vore råka på ulike vis.

Utan nett og mobil

Redaksjonen i Hallingdølen måtte vere kreative for å lage avis desse dagane. Då både internett og mobilnettet i Ål forsvann på tysdag, vart kontoret ubrukeleg. Samstundes fekk dei ein trafikk inn på sine eigne sider som mangedobla alle tidlegare rekordar.

– Det har vore eit ekstremt informasjonsbehov blant folk, samstundes som journalistane har vore delvis avgrensa frå å jobbe. Nokon har vore isolert heime, nokon har vore utan nett og mobilnett. Det har vore ein logistikk utan like, konkluderer redaktør Lillian Holden.

Dei som har hatt telefondekning har gjort telefonintervju, andre har funne ulike løysingar for å kome seg rundt og lage reportasjar og levere stoffet. Frontsjefen og grafikaren drog til Gol for å lage papiravis, og distribusjonen klarte å finne ei mjølkerute for å hente avisa på trykkeriet.

Mange hjelper til

Sjølv er redaktøren på ferie i Trøndelag, men dei siste dagane har ho jobba nærast døgnet rundt. Journalistar som var på ferie har også meldt seg, eller berre begynt å jobbe uoppfordra.

– Det er utruleg korleis folk har jobba dag og natt. Det er moro når vi får det til, vi har fått ut mykje stoff og greidd å få ut ei bra papiravis. Det er på slike dagar ein ser verdien av lokalavisa. Det er nesten litt rørande å sjå korleis folk støttar opp om oss og hjelper oss med bilete og video og tips, seier Holden.

Sjølv om det har gått bra, meiner Holden at avisa treng ein betre beredskapsplan for slike hendingar.

– Vi ser kor sårbare vi blir når vi plutseleg ikkje har nett og mobilnett. Det vil sikkert skje igjen. Då blir vi ha gode planar for både journalistikken, distribusjonen og andre funksjonar i avisa, seier ho.

Fjuken har mellom anna nytta dronefoto for å vise fram dramatikken. Foto: Ola Ø. Rossehaug, Fjuken

Glad dei hadde folk i alle kommunar

I Fjuken har alle journalistane vore ute for å dekkje flaumen, også dei som hadde ferie – samt Arve Danielsen som nyleg gjekk av med pensjon. Redaktør Hans Erik Kjosbakken var mellom dei som braut av ferien.

– Det er spennande å vere på jobb når sånne ting først skjer, seier han.

Redaktøren er glad for at redaksjonen har tilsette busett i alle dei tre dekningskommunane Lom, Skjåk og Vågå. Elles ville stengde vegar gjort det vanskeleg å kome seg rundt for å dekkje ekstremvêret sine herjingar. Og dekninga har vore viktig, konkluderer Kjosbakken når han ser besøkstala på fjuken.no.

– Vi var oppe i 170.000 sidevisningar på tysdagen, det er astronomiske tal for oss, seier han.

Avisa har lagt all viktig informasjon ope for alle, og har fått tilbakemeldingar om at det er hos Fjuken folk har fått informasjon. Avisa har hatt hyppige live-oppdateringar, i tillegg til ei rekkje artiklar, dronefoto og video.

– Vi har lært at vi må vere på når det skjer noko slikt. Folk etterspør informasjon heile tida. Etterpå må vi evaluere om folk faktisk bruker live-bloggen, eller om vi heller bør lage eigne artiklar, seier Kjosbakken.

Dølen har hatt svært høg trafikk, og redaksjonen har fått kjenne på kor stor pris lesarane set på jobben dei gjer. (Skjermdump frå Dølen)

Vanskelig å vite kva som er trygt

Også redaksjonen i Dølen, som dekkjer kommunane Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron, opplevde tysdag at det plutseleg var stengde vegar på alle kantar. Nokon fekk problem med å kome seg på kontoret. Sommarvikaren vart innesperra mellom to ras i Kvikne på kvelden, men kom seg forbi seinare same kveld.

– Det er veldig spesielt å bu i området sjølv, og sitje så tett på det som skjer. Men det er også ein stor fordel at vi er lokalkjent, seier redaktør Tone Sidsel Sanden.

Ho har vore nøye med å vurdere sikkerheita for journalistane som har vore ute for å dekkje flaumen.

– Det er vanskeleg å vite om det er trygt å sende ut folk. Vi har vore forsiktige. Råda gjeld oss også, sjølv om det er viktig at vi er ute og dokumenterer, seier ho.

– Det har vore ekstremt hektisk, vi har jobba nesten døgnet rundt. Eg trur alle i redaksjonen har fått føle på at jobben vi gjer er kjempeviktig, og då er det lettare å stå på, seier Sanden.

Avisa har hatt svært høg trafikk, og for redaktøren har dette vore ei påminning om kor viktig lokalavisa er for at folk skal halde seg oppdatert i ein kaotisk situasjon. Ho er også glad for at lesarane har oppdatert redaksjonen med bilete og tips, så dei har klart å dekkje mest mulig.