Maja Mathilde Aarbakke har master i undersøkande journalistikk frå Universitetet i Bergen. Masteroppgåva hennar om asylbarna som forsvann har ho sidan jobba vidare med som journalist i NRKs undersøkande redaksjon vest.
Øivind Skjervheim er utdanna samfunnsvitar og har jobba som fagansvarleg for kvantitativ datainnsamling i analyseselskapet Ideas2evidence. Der jobba han mykje med data frå offentlege kjelder og var prosjektleiar for Norsk Medborgerpanel.
No er målet deira å hjelpe lokalavisene med å lage relevant innhald på nye måtar. 1. februar starta dei å jobbe på samarbeidsdesken som vart initiert av Vest-Telemark blad og 70 andre lokalaviser. Samarbeidsdesken blir driven som eit samarbeid mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Ønskjer kontakt med lokalavisene
– Det blir spennande å vere med å løfte data- og gravejournalistikken i lokalavisene, seier dei to nytilsette datajournalistane.
– Kanskje kan vi ettergå kommunen på nye måtar og finne ut ting som ikkje har vore tilgjengeleg før, seier Skjervheim.
– Eg håpar også at vi kan bidra til å gjere lokalavisene til attraktive stader å jobbe for unge journalistar, seier Aarbakke.
Skjervheim er frå Ytre Ålvik i Hardanger, og har vakse opp med lokalavisene Hordaland Folkeblad og Hordaland. Aarbakke vaks opp på Bønes i Bergen, med lokalavisene Fanaposten og Sydvesten.
Dei to planlegg å besøke lokalaviser for å lære meir om korleis redaksjonane jobbar og kva forventningane er til samarbeidsdesken. Dei gler seg til å få kontakt med lokalavisene, og håpar å bli kontakta av lokalaviser som har konkrete forslag eller ønske.
Kontakt gjerne Maja Mathilde Aarbakke på e-post maja@lla.no eller telefon 481 81 997, og Øivind Skjervheim på e-post oivind@lla.no eller telefon 924 31 955.
Samlokalisert med SUJO
Aarbakke og Skjervheim bur i Bergen, og får arbeidsstad hjå SUJO på Media City.
Terje Gilleshammer i NRK er prosjektleiar for samarbeidsdesken no i oppstarten, og Diana Guerrero ved SUJO skal bidra som dataanalytikar. Både LLA, SUJO og NRK stiller i tillegg med ressursar på deltid.
Planen er at samarbeidsdesken skal drive fram idear, research, kjeldearbeid og datadriven journalistikk. Slik kan lokalavisene følgje opp med eigen skreddarsydd og lokalt vinkla journalistikk i dekningsområda sine. Desken skal vera pådrivarar, inspiratorar og koordinere samarbeidet mellom lokalavisene.