Nærare 200 lokalavismedarbeidarar og bransjefolk var saman i to-tre dagar på Hamar. Vi innleia med redaktørkurs og innsiktssamling torsdagen, avslutta lørdag kveld med festmiddag leia av Ken André Ottesen og @badesken. Då delte vi ut gjeve avisprisar, blant anna kåra vi Lister til Årets lokalavis. Mellom start og slutt fekk våre lokalavisvenner eit tettpakka program med opningstale av leiaren for Stortingets familie- og kulturkomité Grunde Almeland (V), nyttig kunnskap, spennande foredrag og debattar, matnyttige kurs, gode samtalar, erfaringsutveksling, kulturinnslag og til slutt altså ein fin festmiddag med gjeve prisutdelingar.
Tusen takk til alle dykk som tok turen til Hamar, og som slik bidrog til å gjere LLA og lokalavisenes landsmøte til ei fin langhelg.
Før vi byr på nytt landsmøte, kan du blant anna vere med på LLAs Lokal & digital-konferanse, på Flesland/Bergen, torsdag 31. oktober til fredag 1. november i år.
Neste års landsmøte er i Trondheim, frå fredag 28. mars. Landslaget for lokalaviser sitt jubileumslandsmøte er på Voss, frå 23. april 2026. Då feirer vi 50 år.
På gjensyn her og der.
PS! Her kan du sjå lanseringsvideoen om lokalavisene, LLA, NRK og SUJO si nye store satsing på samarbeidsdesken – som vi viste på landsmøtet lørdag morgon. Enda meir om lokalavisenes største satsing på gravejournalistikk kjem eit par veker etter påske.
Også lyst til å høyre lokalavisa Fjukens podkast-sending frå LLAs landsmøte? Der dei hadde med seg Ken André Ottesen i «Fjukpodden»? I så fall trykker du her.