NRK-journalist og vaktsjef Vigdis Holmaas kom for kort tid sidan ut med boka Konstruktiv journalistikk. Torsdag kjem ho med gode tips om korleis metoden kan brukast i lokalmedia i den spesielle situasjonen vi er i no.
Delta på minikurset torsdag 14. mai kl. 11
Møtet foregår på Zoom.
Møte-ID: 635 5280 6290
Passord: 9c823z&i
Det er også mulig å delta via Skype for Business
Kursserien som går kl. 11 kvar torsdag er eit samarbeid mellom SUJO, NRK og LLA.
Slik skildrar Vigdis Holmaas minikurset ho har planlagt for oss:
Koronainformasjonen fossar over oss i store mengder, og ordet krise er ikkje overdrive. Korleis kan konstruktiv journalistikk motverka apati og unødvendig frykt? Kva grep får opp alternative idear på morgonmøtet? Og korleis kan konstruktiv journalistikk byggja tillit til nyheitsmedia i krisetider? Konstruktiv journalistikk stiller krav til balanse i nyheitsbildet. Både minus og pluss må med. For krise og utvikling er to sider av same samfunn, og der det er problem er det oftast også løysingar.
Minikurset gir ei kjapp innføring i konstruktiv journalistikk – og inspirasjon til å ta det aktivt i bruk.
Her finn du Vigdis Holmaas sin pdf-presentasjon.