LLA_lokalaviser_ill ok

Lokalavisene taper framleis store annonseinntekter, mange må permittere medarbeidarar

Lokalavisene taper mellom 50 og 90 prosent av annonseinntektene. Mange aviser har alt måtte permittere medarbeidarar. No fryktar Landslaget for lokalaviser (LLA) at annonsesvikten fører til at innbyggjarane i store deler av Norge får mindre journalistikk og samfunnsviktig informasjon.

Det er i ei ny undersøking blant sine 110 medlemsaviser at LLA avdekker store tap og ei faretruande utvikling blant lokalavisene. LLAs generalsekretær Tomas Bruvik (bildet) er uroa over det han ser:

– Det blir dramatisk når lokalavisene no byrjar å permittere også redaksjonelle medarbeidarar. Det har knapt tidlegare i fredstid vore viktigare å få ut informasjon til innbyggjarane. Nettopp i desse tider må vi halde hjula i gang, men det ser stygt ut for mange aviser alt no, og enda verre når vi kjem lengre ut i april, seier Bruvik.

LLAs medlemsrapport avdekker at over halvparten av lokalavisene som er med i undersøkinga alt har sendt ut permitteringsvarsel. Ytterlegare nesten 20 prosent seier at dei vurderer å gjere det. Bakteppet er altså sviktande annonseinntekter. Nesten 80 prosent av avisene trur at dei vil miste enda meir av annonseinntektene i april.

– Det er bra at mange kommunar no har byrja å bruke avisene til kommunale annonser. Slik bidrar dei til å halde liv i avisene. Vi ser også at fleire lokalaviser går saman med næringsforeninger og kommunar om å gjere folk bevisste på lokal handel. Dette er bra, men lokalavisene må også ha statleg hjelp for å klare seg gjennom krisa, seier LLAs generalsekretær. Tomas Bruvik håper derfor at regjeringa snart kjem med ein tiltaksspakke for mediebransjen og at den ikkje venter til dei første avisene må stenge dørene.

For meir informasjon og kommentarar:

Tomas Bruvik, LLAs generalsekretær, tomas@lla.no, mobil 411 08 523.