D5EEBE10-A45D-4471-92C5-CA7ED4127CF4

LLA i Stortinget tysdag: Lokalavisa må fram til abonnentane

God avisdistribusjon i heile landet er avgjerande for at lokalavisene skal klare seg gjennom den store omstillinga dei nå står midt oppe i.


Det var bodskapen til Landslaget for lokalaviser (LLA) då vi var på høyring i Stortinget denne veka. LLAs styreleiar Øystein Øygarden (t.v) og pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland møtte transport- og kommunikasjonskomiteen for å fortelle om lokalavisenes utfordringar.

LLA ba komiteen om å føre vidare ei kompensasjonsordning for avisdistribusjon med anbud – som utfyller avisenes eigendistribusjon og ordinær postomdeling. LLA oppfordra også Stortinget om å satse sterkt på støtte til utbygging av fiberbreiband der marknaden ikkje løyser dette.

Her er lenke til Stortinget sitt eige tv-opptak frå heile høyringa i dag.

Heile manuset til Øystein Øygarden og Rune Hetland:

Lokalavisa på papir må fram til abonnentane

For å sitere grunnlova § 100: Ytringsfridom skal det vere … Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.

Mediepolitikk handlar om kva samfunn vi vil ha. Den må sikre at borgarane i framtida best muleg kan ivareta sine demokratiske rettar og plikter.

LLA vil framheve at den største styrken til det norske samfunnet er at vi har høg sosial kapital med tillit til samfunnsinstitusjonane. Det gjer òg at vi har tillit til kvarandre som menneske. I sum er dette grunnlaget for tilliten til demokratiet. Alt dette står på spel gjennom mediepolitikken. Utan journalistikk som set kritisk søkelys på alle delar av samfunnet, blir den sosiale kapitalen tappa og tillitssamfunnet vil gradvis forvitra. Kostnaden ved det er urekneleg økonomisk og utåleleg for livskvaliteten.

Lokalavisene er grunnfjellet i mediemangfaldet.

Lokalavisene er viktige og tida etter utbrotet av  pandemien har vist dette til fulle. Dei har gitt informasjon til innbyggarane, laga journalistikk og publisert digitalt og på papir meir enn nokon gong til tross for svikt i inntektene. Dei tar verkeleg samfunnsansvaret på alvor.

Det er og heilt nødvendig å følgje kommunane som leverer det meste av tenestetilbodet til innbyggarane i landet vårt, og det er lokalavisene som følgjer den lokale politikken.

I praksis er lokalavisa den einaste fellesarenaen for innbyggarane i dei ulike lokalsamfunna der alle lever sine liv.

Unikt mediemangfald ikkje sjølvsagt

Mediemangfaldet i landet vårt er unikt, men det er ikkje sjølvsagt. Det er krevjande tider når lesinga blir meir digital utan at annonseinntektene følgjer med. Spesielt for dei mange, små konsernuavhengige lokalavisene er det tøft å tilfredsstille lesarar ved å både lage gode papiraviser og samstundes publisere godt og spennande innhald 24/7 digitalt. Dei fleste lokalavisene lukkast nå godt med å få auka lesarbetaling for det digitale avisproduktet.

Den digitale satsinga gjer og at ein får med nye og yngre lesarar. Men kombinasjonen papir/digitalt er framleis klart størst i samla brukarbetaling.

Papiravisa finansierer journalistikken og digitalisering

LLA brukar mykje ressursar på å hjelpe dei som treng  eit løft digitalt, spesielt dei minste, konsernuavhengige avisene. Det er framleis papiravisa som finansierer det meste av journalistikken og i tillegg den digitale satsinga. For dei små lokalavisene kjem i gjennomsnitt over 80 prosent av inntektene frå papiravisa.

Framleis avisdistribusjon avgjerande

God avisdistribusjon i heile landet er avgjerande for avisene skal klare seg gjennom den store omstillinga dei nå står midt oppe i.  Sommaren 2020 reduserte Posten omdelingsfrekvensen, og på ein måte som gjer at ordinær postomdeling ikkje løyser avisdistribusjon.

Det er difor heilt nødvendig med ei kompensasjonsordning som fungerer godt.

Med nokre mindre, men viktige justeringar vil dagens løysing fungere godt vidare.

LLA vil få takke Storting og departement for å ha vist stor forståing og vilje til å sikre avisdistribusjon i heile landet. Løysinga i dag fungerer gode ved at staten gjennom anbod kjøper distribusjon som komplimenterer distribusjonsselskapa og ordinær postgang. Vi kan ikkje understreka sterkt nok at ei vidareføring av anbodet er avgjerande for å oppretthalde det unike avismangfaldet vi har her i landet.

Kva nå med Posten?

Vi er kjent med at Posten ønskjer å ytterlegare redusere frekvensen på postomdeling.

Dette handlar ikkje berre om avisdistribusjon, men og om at distrikta skal god infrastruktur til beste for busetnad og næringsliv.

Med ytterlegare frekvensreduksjon vil og ei kompensasjonsordning for avisdistribusjon blir meir krevjande og koste meir.

Digital infrastruktur

Lokalavisene trur på ei digital framtid og gjer sitt beste for å få digitale inntekter frå brukarar og annonsørar. Støtte til digitalisering er positivt og gir resultat. Utfordringa er først og fremst å få annonseinntekter digitalt i konkurranse med store internasjonale aktørar, som ikkje lagar journalistikk.

Det er og ei utfordring for digitaliseringa at det er sterkt samanfall mellom den geografien der innbyggarane ikkje har til gang til raskt internett/breiband og der avisene er avhengig av Posten/kompensasjonsordning.

Nokre ytrar at internett via mobilnett kan løyse behovet i distrikta. Det er nå klart at dette ikkje er tilfelle. Til dømes krev 5G-nettet korte avstand til sendar, og utbygging er kalkulert til å vere mange gonger dyrare enn fibernett. Det vil innebere høg pris også for brukarane. Det vil dermed og gjere at både busetnad og næringsliv vil få ulemper.

Mobilnettet har og andre ulemper i forhold til fibernett.

LLA vil oppmode om ei offensiv satsing på utbygging av fiberbreiband der marknaden ikkje finn det lønsamt. Denne infrastrukturen må vere på plass for alle innbyggarar, til fornuftige prisar for brukarane,  for at lokalavisene skal bli heildigitale.

LLA ber komiteen om:

Å vidareføre ei kompensasjonsordning for avisdistribusjon med anbud som utfyller avisenes eigendistribusjon og ordinær postomdeling

Å satse sterkt på støtte til utbygging av fiberbreiband der marknaden ikkje løyser dette.

LLA skal i ei ny høyring tysdag i neste veke – i familie- og kulturkomiteen. Då stiller LLAs nestleiar Tone Sidsel Sanden og generalsekretær Tomas Bruvik.

Endeleg budsjett blir vedtatt av Stortinget rett før jul.

For meir informasjon og eventuelle kommentarar:

Rune Hetland, pressepolitisk rådgjevar i LLA, mobil 452 89 444, rune()lla.no