Det er fleire samanfallande årsaker til at dette; blant anna nedgang i papiropplag, frekvensreduksjonar, manglar i anbodet om distribusjon der det ikkje går avisbod, innstrammingar frå Posten og kraftig prisauke på kostnadsfaktorar.
Amedia distribusjon har sagt opp alle distribusjonsavtalar for å forhandle nye.
Amedia har klart flest kilometer i sitt distribusjonsnett og slit med å få til ein berekraftig distribusjonsøkonomi til tross for kostnadsdekning. Det handlar både om geografi (rutenett), frekvens, innhald og ikkje minst pris.
Amedia har dokumentasjon på at det må gjerast drastiske tiltak for å få berekraftig økonomi. I dei nye avtalane vil dei ikkje ha med vedlegg, og fulldistribusjon er også ute av standard. Her har LLA argumentert med at fulldistribusjon er viktig for mange aviser, og det er nå opna for å kunne gjere avtale mellom lokalavisa og det regionale distribusjonselskapet.
Dei uavhengige lokalavisene har fått nye (forslag til) avtalar frå og med 2023, og opplever her kraftig prisauke.
Polaris og Schibsted har ikkje varsla like drastiske tiltak og prisendringar frå 2023.
Reduksjon i frekvens
Amedia går fremst i reduksjonen i frekvens på papiravisene, og dei har alt redusert frå seks til tre dagar på fleire av dei større dagsavisene. Det er varsla at dette vil gjelde fleire.
Polaris og Schibsted har ikkje vist sine planar like tydeleg, men vi veit at reduksjon i frekvens også er hos dei fleste aviser i dag.
Initiativ til nytt anbod
Med denne utviklinga er dagens anbod på avisdistribusjon ikkje berekraftig. MBL og LLA har tatt initiativ overfor Samferdselsdepartementet om å lage eit nytt anbod som tar høgde for utviklinga. Dette er heilt nødvendig for å klare målet om at alle skal få papiravisa uansett kor i landet dei bur.
Dagens anbod gjeld til juli 2023, men departementet har opsjon til å forlenge til juli 2024.
– Ei forlenging vil vere svært uheldig nå når vi ser at ruteberande dagsaviser blir tredagarsaviser. Vi ser og at Posten stramar inn tolkinga av anbodet slik at nye abonnentar ikkje får avisa, og dei overtar ikkje abonnentar som fell mellom to stolar. Vi fryktar for distribusjonen av mange lokalaviser dersom det ikkje kjem ei betre anbod, der nye utfordringar blir tatt med. Her trengst det og kreativitet og samarbeid om løysing, seier pressepolitisk rådgjevar i LLA, Rune Hetland.