Klar for digital førstehjelp

I februar starta Tomas Bruvik opp med innovasjonsprosjektet til Landslaget for lokalaviser (LLA). No har han pakka kofferten og er klar for å besøka aviser som vil ha hjelp til å bli betre digitalt.

Det er fram til august at Tomas Bruvik (bildet) har permisjon frå Kvinnheringen for å dra i gang LLAs innovasjonsarbeid. Den første månaden har gått med til ein god del møteaktivitet, og setja seg inn i LLA sine aviser på nett og korleis stoda er for mange av avisene.

– Eg har eit sterkt ønskje om å hjelpa dei som vil ha hjelp. Det kan vera med alt frå å koma med råd, gå gjennom aviser og gje vegleiing til aviser som ønskjer det vidare. Eg vil gjerne vera ein nyttig samtalepartnar for aviser som er usikre på kor mykje dei skal satsa digitalt. Eg kan også peika på mulige samarbeidspartnarar og teknologiske miljø.

– Kofferten  er ferdig pakka og eg vil prøva å ta turen til dei som vil ha besøk. Eg har alt snakka med fleire aviser og har planar om å stikka innom ein god del av medlemsavisene dei neste vekene og månadane.

Vestavind og Grannar er dei første avisene Tomas har vore innom. To ulike aviser som har ulike utfordringar.

– Vestavind er ikkje på nett, men har planar om det, medan Grannar er aktive og vil heile tida vidare i forhold til der dei er i dag med omsyn til nettet.

– Begge deler er interessant, og det er vanskelege og spennande val desse avisene heile tida må ta.

Varierande

– Eg har så langt vore gjennom alle medlemsavisene sine nettutgåver og det er ikkje tvil om at det er store forskjellar mellom dei. Etter mi meining så er det absolutt ein god del aviser som må gjera noko med både innhald og det som elles blir servert på nettsidene sine. Mest dramatisk er det sjølvsagt for dei som faktisk ikkje er på nett i det heile.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå kva aviser som har ei bevisst satsing på nett og kva aviser om ikkje har teke steget skikkeleg ut i den digitale verda.

– Etter mi meining har ikkje avisene lenger noko val. Ein må hoppa ut i den digitale verda med begge beina.

For mange er Tomas Bruvik synonymt med han som har stått som ein stor papiravisforkjempar, og ikkje har hatt tru på det digitale. Kva er skjedd?

– Akkurat det er nok litt misforstått. Det som har irritert meg aller mest er at ein snakkar ned ein del av eige avisprodukt. Ein treng ikkje snakka ned papirproduktet sjølv om ein brukar mest tid og krefter på å lukkast digitalt. Eg er sikker på at papiravisa vil leva lenge, og vi treng den for å halda hjula i gang økonomisk, og for å kunne satsa digitalt. Men å tru at dei som berre satsar på papir vil oppleva vekst både i annonser og opplag, tar heilt feil.

– Skal avisene ha ei framtid må dei gjera ei satsing digitalt, visst ikkje vil dei ikkje overleva. Men det er ikkje det same som at ein skal leggja ned papiravisa eller slutta med den.

Dersom nokon vil ha hjelp med smått eller stort, er det berre å ta kontakt enten på epost tomas()lla.no eller mobil 411 08 523.