– Støtteordningen gjør det lettere særlig for små, lokale medier med begrensede midler til å digitalisere og drive med innovasjon, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Medietilsynet skriv at det var mange aktører som søkte om innovasjonsstøtte saman, dermed blir det mange samarbeidsprosjekt. Til dømes skal lokalavisa Grannar i Etne sammen med ni andre lokalaviser utvikle ein eigen, nettbasert brukerportal og abonnementsløysing som er tilpassa dei mindre lokalavisene som ikkje er tilknytta eit stort konsern.
Blant dei andre avisene som no får finansiert innovasjonsarbeidet, er Dølen, Vest-Telemark blad og Firdaposten. Dei tre avisene skal samarbeide om å teste ut levande bilder direkte til lesarane sine. Dei tre avisene får til saman over 1,5 millionar kroner.
– Vi skal prøve ut strømming i enda større grad enn i dag, for å finne ut kva som fungerer og kva lesarane vil ha. Mange aviser har jo hatt suksess med å strømme idrett, men det er mange andre tradisjonelle og utradisjonelle område der teknologien kan brukast, seier redaktør og dagleg leiar Tone Sidsel Sanden i Dølen (bildet). Når det verste koronavirus-trøkket har gitt seg, vil ho invitere redaksjonane i Vest Telemark Blad og Firdaposten til ny idémyldring, slik at dei kan gå i gong når kvardagane blir litt meir normale.
I mellomtida opplever Sanden og Dølen ei fordobling i trafikken til nettavisa si i desse dagar. Det kan bety eit bedre grunnlag og fleire abonnentar når innovasjonsarbeidet kan gå i gong for alvor til sommaren og hausten.
– Men det er viktig å få folk til betale for innhaldet vårt. Vi treng kvar einaste abonnent, men det er umogeleg å vite kva korona-krisa vil betyr for privatøkonomien til folk. Eg håper at dei fleste nett-brukarane blir med oss vidare etter at krisa er over, seier Tone Sidsel Sanden. Ho og Dølen ventar ikkje på formell prosjektstart, alt i dag skal avisa gjere eit nytt og spennande forsøk:
Dølen arrangerer bakgårdskonsert på eldresentra på Vinstra og Sør-Fron. Til glede for bebuarane og dei tilsette skal Sør-Fron spelemannslag ha konsertar. Begge konsertane skal strømmast på Dølen si nettavis. Dei kan sjå og høyrast i dag torsdag klokka 17.00 og 18.30, alt blir liggjande ope på nettsidene til Dølen.
Redaktør Tone Sidsel Sanden deltar også i ein annan kanal i dag torsdag; NRKs Dagsnytt 18.
To andre aviser som skal samarbeide om eit prosjekt, er Steinkjer-avisa og Os & Fusaposten.
Begge avisene deltok i fjor saman med tre andre lokalaviser på eit designdreve innovasjonsarbeid for å sikre framtida til lokal journalistikk. Gjennom feltoppgåver, brukarinnsikt og idésamlingar jobba avisene fram mulige forretningsidear for å gjere lokalavisene meir attraktive og for å utforske nye inntektsmuligheter. Arbeidet var i regi av Landslaget for lokalaviser (LLA) og var delvis finansiert av Design og arkitektur Norge (DOGA).
No har Steinkjer-avisa og Os & Fusaposten fått midlar frå Medietilsynet for å kunne realisere to av forretningsmulighetene; Ungdomsredaktør/ungdomsredaksjon og månadlege folkemøte. Dei to avisenes felles mål er å skape større lokalt engasjement i ei tid der digitaliseringa held fram med stor styrke og unge lesarar får nye medievanar.
– Tildelinga var ei kjekk nyheit å få i ei svært krevjande tid. Desse midlane skal me og våre lesarar få veldig god nytte av når tidene har normalisert seg att. Me gler oss til å ta fatt på det viktige arbeidet med å rekruttera og involvera ungdomen og neste generasjons lesarar, seier redaktør Jostein Halland i Os & Fusaposten.
Redaktør Tore Vikan i Steinkjer-avisa seier dette:
– Det er svært gledelig at Medietilsynet har innvilga søknaden vår. Akkurat no vet vi ikkje når det blir mulig å gjennomføre folkemøter igjen, men vi er klare til å ta fatt når ting har roa seg.
Også vi i Landslaget for lokalaviser er tildelt innovasjonsstøtte. LLA skal utvikla vidare arbeidet med å digitalisere og hjelpe avisene i den digitale kvardagen. Vi får 1.250.000 kroner til dette.
LLA har fredag også fått beskjed om at vi er tildelt 500.000 kroner i støtte for vårt lyd- og bildearbeid på lokale nettplattformer. LLA skal blant anna yte praktisk hjelp og støtte til lokalavisene, produsere små nettkurs om lyd og bilde, og ha regionale tekniske samlingar.
Heile fordelinga finn du her på Medietilsynets egne nettsider.
Følgjande aviser i LLA-familien får innovasjonsstøtte:
Avisa Hemnes, 100.000 kr
Ytre Sogn, 190.000 kr
Bø blad, 140.000 kr
Dag og Tid, 540 430 kr
Dølen, Vest-telemark blad og Firdaposten, 1.534.500 kr
Gjesdalbuen, 197.500 kr
Grannar på vegne av ti lokalaviser, 1.250.000 kr
Hordaland, 320.000 kr
Landslaget for lokalaviser, 1.250.000 kr
Nye Troms, 100.000 kr
Vaksdalposten, 135.000 kr
Ytringen, 231.000 kr
Utrop, 100.000 kr
Fanaposten, 230.000 kr
Os & Fusaposten og Steinkjer-avisa, 837.500 kr
Vigga, 180.860 kr
Vigga og Fjuken, 380.000 kr
Hordaland, 600.000 kr
Heile fordelingslista og meir informasjon finn du på Medietilsynets egne nettsider.