Rune Hetland (t.h.) og fleire representantar frå LLA og andre presseorganisasjonar fortalde kor viktig det er med gode rammevilkår då dei møtte kulturministeren i haust.
Rune Hetland (t.h.) og fleire representantar frå LLA og andre presseorganisasjonar fortalde kor viktig det er med gode rammevilkår då dei møtte kulturministeren i haust.

Høyring om endring av pressestøtta: LLA positiv til hovudlinjene

LLA vil i høyringsuttalen mellom anna peike på at det er viktig med tilpassingar i regelverket som gjer at den auka støtta til dei minste avisene blir reell.

Høyringsfristen for forslaget til nye forskrifter for produksjonstilskott er 8. juli.

Dette er ein viktig del av arbeidet med dei fireårige styringssignala for mediepolitikken og skal handsamast i Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2023.

LLA ser positivt på hovudlinjene i forslaget som inneheld forslag om styrking av støtta til dei minste lokalavisene. Det er mellom anna foreslått auka tilskott til avisene med under 2000 i opplag og opning for støtte til dei med lågt opplag når dei dekker eit område/kommune med lågt folketal. Dette vil styrke mediemangfaldet.

Positiv til tydelegare kategoriar

LLA vil i høyringsuttalen peike på at det er viktig med tilpassingar i regelverket som gjer at den auka støtta til dei minste avisene blir reell og ikkje blir avkorta som fleire opplever i dag.

LLA ser og positivt på å definere avisene i tydelegare støttekategoriar.

– Men vi vil nok ein gong be om at lokalaviser blir definert nettopp som det og ikkje som nummer ein og aleineaviser som i dag. Dei fleste verken opplever seg som, eller er reelt sett åleine i dagens medielandskap, seier pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA.

I dag er frekvens ein vesentleg faktor i utrekning av produksjonsstøtta. Dette er ikkje relevant i ei digital tid med publisering 24/7. LLA ser difor positivt på at frekvens ikkje lenger skal vere ein faktor, men er meir skeptisk til at opplag ikkje skal telje med utover gruppering.

Pårekneleg støtte er viktig

Når det gjeld dei fireårige styringssignala vil LLA framheva kor viktig det er at støtta er pårekneleg.

– LLA vil be om at produksjonstilskottet blir rettigheitsbasert slik at avisene får vite kva dei får i tilskott når året startar og ikkje i slutten av året som nå, seier pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA.

Hetland fortel at LLA også vil be om at Kulturdepartementet samordnar alle rammevilkår som er viktige for media og som i dag soknar til forskjellige departement.

Verktøykasse for rammevilkår

– Vi vil og be Kulturdepartementet om å starte eit arbeid med å lage ei verktøykasse for rammevilkår for media. Dette for å vere føre var for påkomande utfordringar for bransjen. Pandemien i 2020 var eit varsel om at ting kan skje fort og at media er ekstra viktig i dei fleste tenkelege tilfelle der samstundes den økonomiske finansieringa av journalistikken blir sett under press, seier Hetland.

– Vi håpar på samarbeid med bransjen om å utgreie og konkretisere mulege tiltak. Blant anna opning for at fleire avisgrupper, til dømes 6-12.000 i opplag, kan få produksjonstilskott ved behov, seier Hetland.