Fire av fem i arbeidsgruppa som skal dyrke fram spennande journalistikk: Tomas Bruvik (t.v.), Tone Sidsel Sanden, Grethe Gynnild-Johnsen og Lars Kristiansen. Per Kristian Magnus er også med.
Samarbeidet blei stabla på beina for eit år sidan, men fekk ein liten stopp då koronaen gjorde sitt inntog. Prosjektet skulle vore presentert på landsmøtet i vår, men vart i staden nyleg lagt fram på LLAs Lokal & digital-konferanse. Målet til LLA, NRK og Senter for undersøkende journalistikk (Sujo) er å hjelpa lokalavisene til å laga undersøkande, gravande og konstruktiv journalistikk.
Sentraliseringa held fram, samstundes som det fortsatt er tverrpolitisk semje om å fortsatt ha ein aktiv distriktspolitikk i Norge. Men kva betyr sentraliseringa for innbyggjarane i kommunane? Korleis vil folk sin kvardag endra seg dei neste åra? Dette, og meir til, vil altså NRK, Sujo og LLA arbeide saman om når vi snart går inn i eit nytt år. Førebuingane er godt i gang:
– Vi har dei siste månadane hatt fleire idédugnader med redaktørar frå lokalavisene, NRK og Sujo, der vi har jobba fram fleire område vi kan samarbeide journalistisk om. Vi begynner med distriktspolitikk, flyttemønster og konsekvensar av sentraliseringa rundt oss. Dette skal bli veldig spennande og nyttig for lokalavisene, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.
Saman med Grethe Gynnild-Johnsen og Lars Kristiansen i NRK, og Per Kristian Magnus i Sujo, presenterte han planane på LLAs digital-konferanse. Også Dølens redaktør Tone Sidsel Sanden, er med i arbeidsgruppa for det nye samarbeidsprosjektet.
– Den dag i dag får jo avisene tak i tal frå SSB som det kan lagast god journalistikk av. Men målet vårt er å få fram heilt nye og endå meir spennande tal, statistikkar og innfallsvinklar som kan bidra til å lage godt lokalt innhald av. Håpet er at avisene tykkjer dette er interessant og får nytte av arbeidet som er gjort i forkant, for det er kvar enkelt avis som må laga det unike gode innhaldet. Vi er også svært glade for å ha Sujo med oss som kan hjelpa avisene med råd og rettleiing undervegs. Dei skal også bidra med ulike praktiske og teoretiske kurs, seier Tomas Bruvik.
Då samarbeidsprosjektet blei presentert for ei vekes tid sidan, sa NRKs prosjektredaktør Lars Kristiansen (bildet) at dei har store ressursar, medan lokalavisene har ein unik nærleik og kompetanse om distrikta dei lager lokalavis i. Sujo har stor kompetanse om undersøkjande journalistikk som også vil bidra til å få fram engasjerande saker.
Artikkelen held fram under bildet.
– Kva er framdriftsplanen?
– Det blir snart anledning for avisene våre til å melde seg på i arbeidet. Før jul vil vi ringe rundt til samtlege aviser i LLA-familien og presentere planane. På nyåret går vi i gang for fullt. Målet er at journalistikken skal vise att i lokalavisene utover vinteren og våren, seier Tomas Bruvik.
– Kvifor engasjerer LLA seg i dette?
– Vi ønskjer naturleg nok så mykje god journalistikk som mulig i lokalavisene. Vi er derfor glade for at NRK har sagt tydeleg at det er viktig med mangfold og samarbeid, og at vi saman kan gjere noko som både NRK og lokalavisene vil ha nytte av. Vi håper verkeleg så mange som mogleg av lokalavisene vil vera med, slik at dette kanskje kan bli eit varig samarbeid, seier LLAs generalsekretær.