Medietilsynets direktør Mari Velsand la fram rapporten om dei direkte mediestøtteordningane.
Medietilsynets direktør Mari Velsand la fram rapporten om dei direkte mediestøtteordningane.

Foreslår 200.000 ekstra til dei aller minste avisene

Rundt 40 små lokalaviser med 1000 til 2000 i opplag kan få eit ekstra tilskot på 200.000 kroner. –Dette tilskotet kan sikra deira eksistens, seier generalsekretær Tomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Medietilsynet har hatt ein stor gjennomgang av dei direkte mediestøtteordningane, og kjem no med forslag til nye og endra tiltak. Utgreiinga blir ein viktig del av grunnlaget når dei fireårige styringssignala skal diskuterast neste haust.

Medietilsynets direktør Mari Velsand la i føremiddag fram rapporten, og gjekk gjennom hovedpunkta.

Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA er glad for fleire av forslaga i rapporten.

– LLA ser masse positivt i det som er lagt fram, og vi gler oss til å lesa heile rapporten grundig, seier generalsekretær Tomas Bruvik.

LLA er særleg glade for at det er foreslått at rundt 40 små lokalaviser med eit opplag i størrelsen 1000 til 2000 vil få eit ekstra tilskot på 200.000 kroner kvar.

– Dette er aviser med ein sårbar økonomi, og dette tilskotet kan sikra deira eksistens, seier Bruvik.

Gledeleg er det og at innovasjonsstøtta er foreslått vidareført, og at det er føreslege å redusera eigendelen til 25 prosent for lokalavisene.

– Det er jo særleg LLA som frå første stund har påpeikt at eigendelen er for høg. Vi gler oss stort over at vi no har fått gjennomslag også for dette.

Det er også positivt at aviser som kjem ut i kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar, og som er aleinemedium på staden, kan få pressestøtte om dei når 750 abonnentar.

– Dette kan redda fleire mindre aviser. Kanskje kan det og medverka til at det vil koma nye lokalaviser, seier Bruvik.

Forslaget om å ta bort ekstra-tilskotet til aviser i Nord-Norge meiner vi ikkje er rett. Mange av desse avisene har sårbar økonomi og store avstandar mellom postkassene.