Fritt Ord seminar 5

Ny rapport: Folk føretrekk redaksjonelle medier

Redaksjonelle medier er føretrekt kjelde til nyhende. Det kjem fram i ein fersk undersøkelse om digitale medier som blei lagt fram hos Stiftelsen Fritt Ord denne veka.

I tillegg til at mange helst henter nyhende frå redaksjonelle medier, unngår nesten ingen lokale nyhende eller saker om politikk. Alt dette er publisert i «Reuters Institute Digital News Report 2023».

Den norske delen av rapporten blei presentert av Janne Bjørgan, Universitetet i Bergen, på eit frukostseminar hos Fritt Ord onsdag. Alt i alt er Bjørgan (bildet over) lite uroa over folk si interesse for nyhende.

Sjå her meir om blant anna lokale aviser og øvrig nyhetsbruk i den norske delen av Reuter-rapporten.

Den internasjonale rapporten finn du her.

På Fritt Ord-seminaret fortalte Tarjei Leer-Salvesen (bildet under) om innsynsarbeid og korleis avisene kan få meir innsyn via internasjonale lover.

Meir om dette på Fritt Ords nettsider. Her kan du også sjå opptak av presentasjonen av Reuter-rapporten.