Europa-program for nye digitale inntekter

Norske lokalaviser som jakter på nye digitale inntekter, kan no melde seg på eit nytt Europeisk utvekslingsprogram.

WAN-IFRA, som er ein verdsomfattande organisasjon for medier, har nyleg lansert eit heilt nytt tilbod, der dei inviterer norske lokalaviser med. Programmet har fått namnet  «Table Stakes Europe» og er for å hjelpa lokale nyhetsmedium til å utvikla eit sunt, bærekraftig økosystem for kvalitetsjournalistikk. Programmet vart først prøvd ut for nokre år sidan i USA, og det har hjelpt dei deltakande mediebedriftene i oppnå ein betydelig gevinst i trafikk, engasjement, abonnement og nye inntektstraumar, melder arrangøren.

Programmet går over eitt år og fokuserer på publikum og korleis skapa nye digitale inntekter. Visjonen er å bygga programmet i Europa, på dei vellukka metodane og som har hjelpt eit dusin lokale nyhetsgrupper i USA til å betra publikumskontakt, digitale prestasjonar og resultater.

Programmet er finansiert av BNI. Dei deltakende nyhetsmediene får tilbod om coaching, metodikk og rammer for å oppnå målbar suksess. Utfordringane blir definert av deltakarane.  Den einaste kostnaden for deltakande aviser vil vera plikt til å delta om ein melder seg på – og reise til 4-5 møter i Europa over eit år.

Du finn fleire detaljar om programmet her. På samme nettside melder du deg på.

Har du spørsmål, kan du kontakte LLAs innovasjonssjef Tomas Bruvik, tomas()lla.no, mobil 411 08 523.