Litteraturdagane 2023

Ei samtale om lokalavisa sine kår og framtidsutsikter

Fire norske lokalaviser fyller til saman 300 år i år. Litteraturdagane i Vinje inviterte journalistar og redaktørar til samtale.

Samtale om lokalavisa sine kår under Litteraturdagane i Vinje: Frå venstre samtaleleiar Anne Natvig, journalistane Jonn Karl Sætre (Kvinnheringen), Grete Hopland Ravn (Grannar), og redaktørane Sigbjørn Linga (Hordaland Folkeblad) og Øystein Øygarden (Vest-Telemark blad).

Denne saka er opprinneleg laga av Elisabeth Hagen Kvalem for Vest-Telemark blad. Med løyve frå avisa publiserer vi teksten og bildene også her på LLAs nettsider:

Fredagsprogrammet på Vinjar opna med ei feiring av Vest-Telemark blad som i år fyller 50 år. Jørgen Orheim frå Bøgrend presenterte ein morosam og rytmesterk audiovisuell bursdagslåt til avisa.

Det er i år 50 år sidan eit opprør mot at vesttelane ikkje kom til orde i regionavisene under EF-debatten, leia til at Vest-Telemark fekk si eiga lokalavis, i dag den tredje største avisa i Telemark. Men VTB er ikkje åleine om å jubilere. Både Kvinnheringen og Grannar fyller 50 i år, og Hordaland Folkeblad kan skilte med heile 150 år som lokalavis.

Lim og lupe

Samtaleleiar Anne Natvig frå Nynorsk kultursenter spurde kva som er den viktigaste funksjonen til ei lokalavis i eit land med 211 lokal- og regionalaviser.

Journalist Grethe Hopland Ravn frå Grannar, avisa for Etne og Vindafjord i Rogaland, meinte at det var å vere lim og lupe.

– Å vere lupe kan vere vanskeleg i små miljø der alle veit kven alle er, la ho til.

– Me skal vere limet som gjer at folk i bygdene veit om kvarandre og skape samhald. At me veit at vesle Ida selte saft til inntekt for Redd barna, at me veit kva idrettslaget held på med, og kven som er fødd og kven som har døydd. Samstundes skal vere kritiske og passe på at ting går rett føre seg, for eksempel i kommunestyret.

Øystein Øygarden fortalde at då han byrja i VTB for 20 år sidan var både Varden og TA fast på plass i kommunestyresalane.

– I dag er det berre me som følgjer med dagleg i kommunane i Vest-Telemark. Me må drive kritisk journalistikk og me må gjere det ordentleg, sa Øygarden.

– Eg må innrømme at eg er litt skremt av det ansvaret. Viss ikkje me følgjer med, er det ingen som gjer det, heldt han fram.

Digitalisering og nye plattformer

Alle dei fire lokalavismedarbeidarane meinte at digitaliseringa som er komen med krav om å vere på nett, bruke fleire plattformer som podkast og TV-sendingar er meir krevjande i ei lokalavis med relativt få tilsette, samanlikna med dei større avisene.

Delen av abonnentar som framleis les lokalavisa på papir er høg. Derfor er distribusjonen av papiravisene så viktig. Øygarden trur det vil vera mangel på distribusjon som eventuelt tek livet av papiravisene, ikkje at alle lesarane blir heildigitale og vel papiret bort.

Kan lære

Natvig stilte spørsmål om kva som skil lokalavisene frå riksavisene.

– Medan me samlar bygdene, samlar til dømes VG landet, slik at me veit om kvarandre frå sør til nord, sa Hordaland Folkeblad-redaktør Linga.

Sætre frå Kvinnheringen samanlikna lokalavisene med NRK Fjernsynsteatret 1973. Presentasjonen av saker skil seg fordi saker står sterkare fram i små miljø.

– Rolla til lokalavisa er viktigare enn nokon gong, sa Øygarden.

Grethe Hopland Ravn fortalde at det i USA er blitt lagt ned 3000 aviser sidan årtusenskiftet.

– Nå blir det i snitt lagt ned to lokalaviser i veka, og det er ein viktig årsak til polariseringa me ser der, sa ho.

Språket

På lista over utfordringar dei fire lokalavisene står overfor, kom det også opp at det kan vere vanskeleg å finne journalistar som skriv godt.

– Me treng kvalifiserte folk til å lage avisene, så derfor må lønningane til journalistane opp, meinte Hopland Ravn.

Øygarden meinte å ha funne ei god løysing ved å satse på engasjerte folk som skriv godt og bur i regionen.

– Folk som alt er knytt til regionen, blir buande. Det er mykje lettare enn å hente ein nyutdanna journalist frå ein annan stad som reiser vidare etter eit par år, meinte han, og fekk støtte av Linga.

– Ein kan lære folk å bli gode journalistar, journalist er ingen verna tittel, sa Linga.

Samtalepartnarane og jubilantane: Frå venstre Jonn Karl Sætre (Kvinnheringen), Sigbjørn Linga (Hordaland Folkeblad), Grete Hopland Ravn (Grannar) og Øystein Øygarden (Vest-Telemark blad).