Dei smiler, sjølv om bodskapen frå lokalavisene var alvorleg. Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Dei smiler, sjølv om bodskapen frå lokalavisene var alvorleg. Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Diskuterte pressepolitikk i Arendal

LLA har i år delteke på Arendalsveka, både som medarrangør av to debattar saman med dei andre presseorganisasjonene, og i andre møter og debattar. 

Debattane som LLA var medarrangør for, handla om ytringsfridom i kommunane og om pressepolitikk.

Stortingspolitikarane Åslaug Semb Jacobsen (Sp), Kathy Lie (SV), Grunde Almeland (V) og Tage Pettersen (H) deltok i den pressepolitiske debatten saman med den ferske kultur- og likestillingsministeren Lubna Jaffery.

Generalsekretær i LLA Tomas Bruvik teikna eit relativt dystert bildete av tidene vi er på veg inn i for lokalavisene. I ei fersk undersøking blant 30 lokalaviser svara 80 prosent at dei har nedgang i annonseinntektene. Saman med inflasjon, auka kostnader på trykk og distribusjon går vi ei tøff tid i møte, sa Bruvik til politikarane.

Kulturministeren lova å lytte til lokalavisene.

Les meir om debatten i Medier 24.

Redaktør i Bø blad Hilde Eika Nesje deltok i samtale om frivilligåret 2022, med mellom anna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Hilde Eika Nesje fekk mykje ros for arbeidet Bø Blad har gjort med å fortelja om alle dei frivillige i sitt dekningsområde.