Denne produksjonsstøtta er utbetalt – så langt:

Fleire aviser har i det siste hatt spørsmål om når dei endelege utbetalingane av produksjonstilskotet kjem i år – og kva støtte som blir gitt. Her gir vi deg svara:

For å bidra til betre likviditet i avisene i ei vanskeleg tid, har Medietilsynet i år betalt ut fleire forskot på den ordinære produksjonsstøtta.

Dei tre første forskota er betalt ut. Det første kom i januar, sidan kom det utbetaling i mars og éin i månadsskiftet mars/april. Den siste og endelege utbetalinga kjem seint i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den siste utbetalinga vil koma i november. Først då veit vi korleis det endelege oppgjeret blir og kor mykje kvar avis får til saman i år. I slutten av mai sendte vi ut ein prognose, men det som kan føra til konsekvensar for sluttsummen er blant anna om Dagbladet Pluss får medhald i klagen sin på avslag om pressestøtte. Skulle dei få medhald, kan det få konsekvensar for mange andre aviser, men uvisst kor store og for kven. Det seier seniorrådgjevar Bjørn Tore Østeraas i Medietilsynet (bildet).

Dei aller fleste LLA-avisene vil inneverande år få ei ekstra støtte på mellom 200.000 og 300.000 kroner, som er ein fast auke i det årlege grunntilskotet, noko dåverande kulturminister Trine Skei Grande varsla på LLA sitt landsmøte i Drammen i fjor. Denne auken har LLA kjempa for i mange år.

Meir om prognosen for årets produksjonsstøtte finn du på Medietilsynets nettsider.