Fjuken følgde valkvelden med direkte TV-sending heile kvelden. Foto: Tom Erik Solstad
Fjuken følgde valkvelden med direkte TV-sending heile kvelden. Foto: Tom Erik Solstad

Besøksrekordar for lokalavisene valkvelden

Det var Fjuken-TV som var på storskjermane på alle dei 12 valvakene Fjuken besøkte på valkvelden.

Lokalavisene har dekt lokalvalet og valkampen svært tett, og gjort ein formidabel jobb for veljarane. Dette er ein styrke for lokaldemokratiet. For avisene betalte det seg i form av svært høg trafikk på nett, spesielt på valkvelden.

I tillegg til at lokalavisene lagar mykje god og grundig journalistikk, er det stadig fleire som tek i bruk nye verktøy for å nå ut. Nokre få av mange døme: Vest-Telemark blad viste fram 500 listekandidatar i ei interaktive oversikt. Avisa Hordaland hadde videoserie med dei yngste kandidatane. Hallingdølen inviterte ordførarkandidatane i podkast-studio. Nordre arrangerte direktesendt valdebatt. Fjuken hadde livesending på valkvelden.

– Kvar einaste valvake vi var ute på, 12 i 3 kommunar, hadde Fjuken-TV på storskjerm. Ingen fylgde riksmedia, fortel redaktør Hans Erik Kjosbakken i Fjuken, som skildrar sendinga slik:

Ei fem timar og 40 minutt lang direktesending, med ekspertkommentator på plass i studio, utegåande reporterar og etter kvart eit VM i tomprat. Her hadde vi på det meste 500 sjåarar direkte, og 150 var med oss til the bitter end. Opptaket er nå oppe i ca. 5.000 avspelingar. Tal som for oss er utrulege.

Journalist Jon Audun Haukø i Ytringen kan fortelje om ein formidabel auke i trafikken på nett undervegs i valkampen.

Vi har klart å auke frå rundt 5.000 sidevisningar per dag til å liggje over 10.000 nesten kvar dag no. Vi fekk rekordar måndag og tysdag, med ca 22.500 og 27.000, fortel Haukø, som trur valgdekninga er den viktigaste årsaka.

Alle lokalavisene vi i LLA-sekretariatet har vore i kontakt med dei siste dagane, melder om besøksrekordar på nett i samband med valet. Vår oversikt er ikkje uttømmande, men vi tør påstå at dette gjeld eit stort fleirtal av lokalavisene.