postkasse2

Avisene får ikkje kompensasjon for høg pris på distribusjon

Amedia kuttar distribusjon i distrikta frå 1. mars, fire månader før det nye anbudet startar. Det er no klart at det ikkje blir kompensasjon for ekstrautgiftene til avisene som vert ramma.

– Det er skuffande, men vi har etter kvart frykta at departementet ikkje fann det lovleg å gje kompensasjon. Nå får mange aviser ein stor ekstrakostnad på distribusjon fram til det nye anbudet fra juli, seier pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA etter brevet frå departmentet.

LLA og MBL har saman arbeidd inn mot samferdselsdepartementet for å få til ei kompensasjonsordning for avisene for å dekke ekstrakostnaden til distribusjon når Amedia legg ned dei fleste ruter i distrikta. Dei startar denne nedlegginga alt 1. mars, og legg ned siste distrikt 1. mai.

I si grunngjeving til avslaget skriv samferdselsdepartementet:  «Vår vurdering er at vi ikke har statsstøtterettslig handlingsrom til å bidra til en slik løsning.»

Vidare skriv dei mellom anna: «Departementet har utredet alternative muligheter for å sikre distribusjonen, men har ikke lykkes i å finne hensiktsmessige og praktisk mulige løsninger for å dekke et behov som ligger så kort frem i tid og gjelder for en så kort periode gjennom statlige kontrakter.»

– Sjølv om dette ikkje lukkast set vi pris på at politisk leiing og administrasjonen i departementet har vist velvilje og saman med oss frå bransjen lagt ned mykje arbeid for å finne ei løysing. Nå håpar vi at Amedia og Posten kan vere rause med avisene i prisinga av overgangsløysinga slik at alle aviser kjem seg velberga gjennom perioden med ekstra kostnad på distribusjonen. For det er heldigvis slik at det er lysning i sikte ved eit for lokalavisene godt tilrettelagt anbud frå 1. juli. Her er anbudsfristen ute og det er spennande å høyre resultatet av tildelinga som er venta innan ein månad, seier Hetland.

Bakgrunn

Amedia reduserer distribusjonsområdet i tre puljer frå fredag 1. mars. Dei legg ned dei fleste distribusjonsruter utanom større tettstader framover til 1. mai då siste geografiske områder blir tatt ut.

For at avisene skal kome ut på faste dagar kvar veke har Amedia gjort avtale med Posten om ei overgangsordning med distribusjon kvar tirsdag, torsdag og fredag, dei samme dagane som er med i anbodsløysinga frå juli. Då er og laurdag med som eige anbod.

Dei avisene som skal vere med på overgangsordninga må betale ein høg pris. Ordninga vil koste kr.12,- per eksemplar, og i tillegg kr.1,15 for regional innlevering. Dette er over det dobbelte av Posten sine vanlege prisar for avisdistribusjon.

Amedia sette fristen til 6. februar for dei som ville vere med på overgangsordninga.

Alternativet for avisene er å bruke ordinær postomdeling, som betyr at avisa blir distribuert forskjellige dagar påfølgjande veker.