For at avisene skal kome ut på faste dagar kvar veke har Amedia gjort avtale med Posten om ei overgangsordning med distribusjon kvar tirsdag, torsdag og fredag, dei samme dagane som er med i anbodsløysinga frå juli. Då er og laurdag med som eige anbod.
Dei avisene som skal vere med på overgangsordninga må betale ein høg pris. Ordninga vil koste kr.12,- per eksemplar, og i tillegg kr.1,15 for regional innlevering. Dette er over det dobbelte av Posten sine vanlege prisar for avisdistribusjon.
Alternativet for avisene er å bruke ordinær postomdeling, som betyr at avisa blir distribuert forskjellige dagar påfølgjande veker.
LLA og MBL har arbeidd hardt for å få til ei kompensasjonsordning for å dekke ekstrakostnaden i overgangsordninga.
— Vi hadde som mål at ei kompensasjonsordning skulle vere klarert før avisene måtte signere på overgangsordninga. Vi har møtt politisk leiing i Samferdselsdepartementet fleire gonger og veit at det er politisk vilje til å kome avisene i møte. Men avklaring av krav til offentlege innkjøp gjer at saka framleis ikkje er kome til politisk handsaming i regjeringa. Uansett må ei løyving opp i Revidert nasjonalbudsjett som blir vedtatt i juni. Dette vil slik vere ei kompensasjonsstøtte som kjem på etterskott. Akkurat no er det difor ikkje muleg for nokon å garantere at avisene vil få dekka det meste av ekstrakostnaden. Men vi har trua på ei snarleg avklaring, seier Rune Hetland, pressepolitisk rådgjevar i LLA.