PÅ DESKEN I FIRDAPOSTEN: F.v. journalist Heidi Hattestein, redaktør Svend Arne Vee, vaktsjef David Antonsen, journalist Liv Standal og journalist Olav Hatlemark.
PÅ DESKEN I FIRDAPOSTEN: F.v. journalist Heidi Hattestein, redaktør Svend Arne Vee, vaktsjef David Antonsen, journalist Liv Standal og journalist Olav Hatlemark.

Ukas avis: Firdaposten

Firdaposten har dei siste åra satsa sterkt på det digitale produktet. No aukar både lesartala og annonseinntektene på nett.

PÅ DESKEN I FIRDAPOSTEN: F.v. journalist Heidi Hattestein, redaktør Svend Arne Vee, vaktsjef David Antonsen, journalist Liv Standal og journalist Olav Hatlemark.

Firdaposten har dei siste åra satsa sterkt på det digitale produktet. No aukar både lesartala og annonseinntektene på nett.

Dei siste par åra har Firdaposten jobba mykje med å få lesarane over på dei digitale produkta. Det har gjort noko med heile produksjonsflyten i avisa.

– Vi publiserer stort sett alt på nett først. Papiravisa er ei «best of» det som har vore på nett dei siste 48 timane, seier redaktør Svend Arne Vee.

Journalistane skriv alle sakene i verktøyet for digital publisering. Redaktøren ser at dette har styrka det digitale fokuset.

– Når journalistane jobbar direkte i det digitale verktøyet, vert dei meir bevisste på å leggje ut bildeseriar og lenke til andre saker for å gje meir djupne og historikk. Dei vert også meir bevisste på at sakene lever vidare etter at dei er publisert. Folk deler og kommenterer sakene, og kjem med tips til korleis vi kan ta lesarane med vidare. Når det skjer ulukker har vi vore vane med å oppdatere saka etter kvart. Det kan vi også gjere med andre saker, seier han.

Dersom journalistane i Firdaposten ser at ei sak ikkje slår an, kan dei prøve å endre tittel eller bilete. Dei har erfart at dette kan gje saka eit løft på 40-50 prosent.

– Du kan få vel så mykje ut av å gjere noko med den saka du har publisert, som å pøse på med nye saker, kommenterer redaktøren.

Han har granska kva saker som slår an i nedslagsfeltet, og kva tid på døgnet ulike typar saker vert lest. Dette har han brukt til å lage eit døgnhjul for kva tid saker bør publiserast. Kultursaker er til dømes håplaust å publisere på dagtid, men klokka sju om kvelden kan dei gå som kuler.

Løftar fram menneske
Erfaringane til Firdaposten samsvarer med erfaringane som Amedia har gjort seg i sin innhaldsanalyse. Dei rår no sine aviser til å jobbe direkte i verktøyet for nettpublisering. Dei meiner journalistane vert meir låst når dei jobbar i dei malstyrte verktøya for papiravis.

Amedia rår også avisene sine til å jobbe litt med tittel og introduksjon til sakene for å auke lesinga. Når lesarane forstår kva saka handlar om før dei klikkar seg inn, får saka lengre lesartid. I staden for å få lesarane til å lure på «kva er dette for noko?», bør ein heller få dei til å undre seg over «korleis kunne det skje?» eller «kvifor gjer dei dette».

Amedia har mellom anna funne at det tradisjonelle kulturstoffet, spesielt førehandsomtaler, vert lite lest. I staden rår dei avisene til å leita etter gode historier om menneske og skriva kritiske saker.

Same erfaring har Firdaposten.

– Før var det opplese og vedtatt at kulturstoff var godt stoff. No ser vi at vi slit med å få gode lesartal på dette stoffet. Eg trur ikkje vi har vore kreative nok, seier Svend Arne Vee.

Ei kreativ løysing kan til dømes vere å skrive ei symbiose-sak om kultur, integrering og sport, i staden for å dekke handballskulen på den tradisjonelle måten.

Sportsstoffet reknar ein vanlegvis med blir lest av 20-25 prosent av lesarane. I Florø er ikkje dette tilfellet. Der har fotballaget spelt seg opp i Obos-ligaen, og fotballinteressa har tatt heilt av.

– Heile byen er interessert i fotball no, og den minste notis om fotballaget sprett opp på lesarstatistikken. Sånn hjelper nettet oss på papir også, vi forstår at vi må skrive meir om fotball, seier redaktøren.

POPULÆR FOTBALL: «Alle» les sakene om Florø sitt fotballag for tida.

Andre område som vert godt lest i Firdaposten er politikk, næringsliv og samferdsle.

– Interessa for samferdsle er større enn kjønnsdrifta i dette fylket, kommenterer han.

Elles fungerer det stort sett alltid å løfte fram menneske. Saka om QR-kodar fungerte godt fordi Firdaposten personifiserte saka med historia om korleis ein mann kunne halda fram med å spreie bodskapen sin frå grava ved hjelp av ein QR-kode på gravsteinen.

Firdaposten prøver å tenke utanfor boksen og finne nye kjelder, gjerne litt yngre menneske. Men dei beste kjeldene kan også vere godt opp i åra, som sjukeheimsokkupanten Olefine på 97.

Den siste tida har området mist ein del arbeidsplassar tilknytt olja. Dei har likevel klart å ha positive saker om næring og arbeidsliv, til dømes om folk som har klart å omstille seg.

DIGITALT MAGASIN: Gjennom Amedia har Firdaposten også fått ei ny løysing for publisering av digitale magasin der lesarane kan bla seg gjennom sakene.

Lesarane skriv sjølv
Firdaposten ønskjer å drive med meir dagsordensetjande journalistikk. Med 5,5 årsverk i redaksjonen, må dei då prioritere vekk noko anna. Det er ikkje lenger aktuelt å prøve å skrive om alle kulturarrangement.

– Helg og kveld har vi berre ein person på jobb. Då kan vi ikkje gå på alt som skjer. I staden for å seie nei når vi ikkje kan kome på eit arrangement, har vi begynt å foreslå at folk kan skrive nokre linjer og ta eit bilete sjølv. Då er vi eit langt steg nærare å publisere noko om arrangementet.

Innsendarane kan nytte eit «Skriv sjølv»–skjema på nettsida. Dette kjem inn i ein eigen katalog. Dei tilsette les korrektur før dei publiserer sakene. Tekstane som kjem inn kan kome på både nett og papir, og verte ein notis, meldingsstoff, ei eiga sak eller bakgrunnsstoff for journalistane. Lesarane sender også inn tips.

Alle som sender inn noko, får svar. Svend Arne Vee brukar å sende ein e-post, til dømes om kva tid innlegget kjem på nett og i papiravisa.

– Tilbakemeldinga kan gjerne vere automatisert. Det viktigaste er at folk får svar. Dei skriv til oss for å bli sett og høyrt, og det verste dei då kan oppleve er at det dei skreiv forsvann i eit svart hôl.

«Skriv sjølv» blir også brukt til debattinnlegg. I periodar, som då det tetna seg til rundt kommunesamanslåinga, blei debattinnlegga like mykje lesne som redaksjonelle saker.

– Vi prøver å løfte fram kommentarjournalistikken og trigge lesarane til å delta i debatten, seier redaktøren.

SKRIV SJØLV: Lesarane kan enkelt sende inn tekst og bilete til Firdaposten.

Programmatisk auke
Firdaposten kjem ut tysdag, torsdag og fredag. I fjor flytta dei laurdagsavisa til fredag i frykt for problem med laurdagsdistribusjonen. Dei fekk svært få klager på omlegginga.

– Det trur eg skuldast at vi kommuniserte godt kvifor vi gjorde det. I endringsprosessar må ein må forklare kva ein gjer og kvifor. Det hjelper ikkje med ein eigenannonse, vi må i alle fall sette inn annonsen sju gongar eller sende brev eller sms til folk, seier redaktøren.

Avisa har vore nøye med å selje inn fordelane med at dei prioriterer nett: Meir stoff, oppdaterting fleire gongar om dagen, og lesarane får nyheitene på same tid uansett kvar dei bur. Dette har mellom anna gitt dei fleire fjernabonnentar. Dei har no fleire lesarar digitalt enn på papir.

At redaksjonen bruker tid på å utvikla det digitale produktet, har nok også vist igjen i papiravisa. Men hovudårsaka til at papiravisa har vorte tynnare er bortfall av annonser.

Firdaposten går mot sitt første driftsår med høgare inntekter frå abonnement enn frå annonser. Samstundes aukar dei digitale annonseinntektene, ikkje minst på grunn av auke i sal av programmatiske annonser. Les meir om Amedias satsing på programmatisk.

– Men vi slit med å få digitale annonseinntekter, som alle andre, seier marknadssjef Sander Ødelien.

Noko dei framleis har gode inntekter frå på papir, er temabilag. Firdaposten har alltid vore ein synleg aktør i lokalmiljøet, og bidreg til at det er mange anledningar til å lage temabilag.

– Vi har sagt ja til det meste og har sjølv tatt initiativ til festivalar og konsertar. Vi var mellom anna med å starte Våt moro-festivalen. Ofte går vi inn med økonomisk risiko. Det tener vi på på sikt, meiner Sander Ødelien, som dei siste tre åra har vore marknadssjef i både Firdaposten og Firda.

Førre veke var Firdaposten med å arrangere friidrettsfestival, og samarbeidde med friidrettsgruppa om eige temabilag til festivalen. Denne veka lagar dei avis til Himmel og hav-festivalen med Laksens dag og Sildebordet.

FESTIVAL: Firdaposten sponsar ei rekkje arrangement, og lager temaaviser om fleire av dei.

Firdaposten 

www.firdaposten.no

Lokalavis som kjem ut i Florø i Sogn og Fjordane, landets vestlegaste by. Papiravis tysdag, torsdag og fredag. Godkjent netto opplag 4707.

Firdaposten blei etablert i 1948. Eigd av Amedia.