VTB-snapchat

Får direkte kontakt på Snapchat

Vest-Telemark blad når eit ungt publikum med både journalistikk og annonser på Snapchat.

ANNONSE: På veg til Dyrskun nytta Vest-Telemark blad Snapchat til å profilera seg sjølv og tilbodskupongen til Seljord Radio og TV.

– På Snapchat får vi mykje respons, og folk har svært låg terskel for å sende oss tips og bilete. Dette er nok ganske unikt for Snapchat. 

Det seier redaktør Øystein Øygarden i Vest-Telemark blad. Line Omland Eilevstjønn supplerer:

– I starten håpa vi at følgjarane og eg skulle føle oss som ein gjeng. Slik har det blitt. Dei seier hei og tipsar oss når noko skjer. Det har kanskje ikkje dei unge vore så flinke til før, men no har dei fått ein veldig enkel kanal inn til avisa.

Line er den som har jobba mest med avisa sin Snapchat-kanal. Ho synest det er veldig moro å bruke Snapchat og sjå at følgjarane tek skjermbilete av nyheiter, gjev tilbakemeldingar og rettar feil.

Live intervju
Den direkte kontakten med avisa er også noko følgjarane fortel at dei set pris på. Vest-Telemark blad har hatt ei fokusgruppe på seks personar som jamleg har svart på spørsmål om Snapchat. Dei seier at dei liker spesielt godt å få bli med backstage og sjå korleis kvardagen er i redaksjonen. Dei liker også godt når journalistane snakkar med folk direkte på Snapchat, til dømes når dei intervjuar folk ute på arrangement.

Vest-Telemark blad har brukt Snapchat aller mest til å dele bilete av saker i papiravisa, men prøver å bli meir aktive med mobiltelefonen når dei er ute. Sist søndag brukte til dømes helgevakta Snapchat som hovudkanal då ho rapporterte om eit snøskred.

Fekk støtte
Vest-Telemark blad fekk 470.000 kroner av Vinjefondet til å teste ut nynorske nyheiter på Snapchat. Målet med prosjektet var å byggje ein relasjon til dei i aldersgruppa 15 til 30 år som ikkje les papiraviser i dag.

Etter over eit år på Snapchat er prosjektet no avslutta, men Vest-Telemark blad vil halda fram og vidareutvikle bruken av Snapchat. Dei oppmodar andre lokalaviser til å prøve ut kanalen.

– Du er avhengig av å ha nokon som brenn for det og føler ansvar, og som kan dra med seg dei andre. Det er lurt å by på seg sjølv. Og ein bør involvere heile avishuset og ha annonser og abonnementskampanjar i tillegg til det redaksjonelle innhaldet, seier Øystein Øygarden.

Selde 20 radioar
Vest-Telemark blad har så smått testa ut annonser på Snapchat. Den første annonsekampanjen hadde dei under Dyrsku’n i september, då Expert hadde tilbod på DAB-radioar til folk som hadde med seg skjermbilete av annonsen. Expert selde 20 radioar på Snapchat-annonsen.

– Vi burde hatt slike kampanjar oftare. Det er noko av det vi vil prøve meir på framover, seier Øystein Øygarden.