Viktig om politisk reklame og valgdagsmålingar:

Usikker på kva som er lov og ikkje lov? Les LLAs korte oppsummering om dei viktigaste retningslinjene her:

Det er ikkje noko i vegen for å ha annonser frå politiske parti i lokalavisenes papirutgåver og/eller på nettavisene også på valgdagane søndag 10. eller måndag 11. september. Det er rett nok forbod mot politisk reklame på lineær tv, men altså ikkje på lokalavisenes plattformer.
Det er sjølvsagt opp til kvar avis å ha sine eigne retningslinjer om dette, men igjen; vi i LLA kan ikkje sjå at det er noko generelt forbod mot politisk reklame i lokalavisene, på nett eller papir, på valgdagen.
Imidlertid er det forbudt med politisk sponsing av program på tv og radio. Det kan du her lese meir om, på Medietilsynets nettsider.
Merk elles at det er strengt forbudt å gjere offentleg valgresultat og valgdagsmålingar før tidlegast klokka 21.00 på valgdagen måndag 11. september. Dette gjeld for alle plattformer, også lokalavisenes nettutgåver og sosiale medier. Medietilsynet fører streng kontroll med dette, for nokre år sidan fekk ei lokalavis bot på 50.000 kroner for å ha gjort slike resultat offentleg for tidleg.
Lukke til vidare med valgjobbinga.