Hallingdølen har skrive fleire saker om korleis ein 18 år gamal reguleringsplan opnar for 129 hytter i urørt terreng. Foto: Anna Huseby, Hallingdølen
Hallingdølen har skrive fleire saker om korleis ein 18 år gamal reguleringsplan opnar for 129 hytter i urørt terreng. Foto: Anna Huseby, Hallingdølen

Nettmøte på fredag: Utfordre politikarane. Vil dei ha vern eller utbygging?

I dette webinaret får du hjelp til å setje søkelys på kommunal arealplanlegging, utbygging og naturvern i valkampen.

Fredag 25. august kl. 10-11 er vi så heldige å få med oss ein av landets fremste jussekspertar på feltet, Nikolai Winge, til å kome med bakgrunnsinformasjon og foreslå vinklingar og kritiske spørsmål til saker om arealutvikling, utbygging og naturvern.

Vi er også glade for å få med oss Anna Huseby frå Hallingdølen til å fortelje om korleis ho har dekka lokale konflikter rundt hytteplanar i urørt terreng.

Møtet foregår på Teams. Her kommer du inn i møtet.

Vi håper du nyttar høvet til å få konkrete idear til gode saker!

Nikolai Winge og ei rekkje andre fagekspertar har lova å vere tilgjengelege for store og små spørsmål frå lokalavisene no rundt valet. I denne Signal-gruppa for ideutvikling, kan du diskutere både plansaker og alle dei andre politiske sakene du jobbar med. Så snart det er behov for det, vil vi involvere relevante ekspertar.

Arrangementet er del av satsinga Lokalavisenes valg 23, eit samarbeid mellom Senter for undersøkende journalistikk (SUJO), Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Lokalavisenes valg 23

I tida rundt valget arrangerer vi webinarer, fagdag og diskusjonsgrupper for å hjelpe lokalavisene å lage god valgjournalistikk.

Lokalavisenes valg 23 er et samarbeid mellom Senter for undersøkende journalistikk (SUJO), Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL).