Opptak: Arealkonflikter i valkampen

Sjå opptaket for konkrete tips til gode saker om kommunens handtering av areala.

I dette webinaret får du hjelp til å setje søkelys på kommunal arealplanlegging, utbygging og naturvern i valkampen.

Anna Huseby frå Hallingdølen fortalde om korleis ho har dekka lokale konflikter rundt hytteplanar i urørt terreng.

Ein av landets fremste jussekspertar på feltet, Nikolai Winge, kom med bakgrunnsinformasjon og foreslo vinklingar og kritiske spørsmål til saker om arealutvikling, utbygging og naturvern.