Kjell Vidar Bergo (t.v) er gått bort. Bjarne Tormodsgard (t.h) har  skrive minneord om sin tidlegare ven og kollega.
Kjell Vidar Bergo (t.v) er gått bort. Bjarne Tormodsgard (t.h) har skrive minneord om sin tidlegare ven og kollega. FOTO: Line SandvikBilde 1 av 1

Kjell Vidar Bergo til minne

Laurdag 16. juli gjekk tidlegare dagleg leiar og styreleiar i Hallingdølen, Kjell Vidar Bergo bort. Han var òg tidlegare styremedlem i LLA og fekk i 2015 LLA sin heiderspris. Den fekk han saman med tidlegare redaktør i Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard, som har skrive dette minneordet.

Eg visste at Kjell Vidar var alvorleg sjuk. At han kjempa sitt livs kamp. Likevel – eg bar på eit håp. Eit håp om at me snart kunne ta ein avisprat. Eller ein cabriolettur til gode avisvener vestpå. Sist laurdag måtte han gje tapt for sjukdomen. Kjell Vidar Bergo sovna stille inn på Hallingdal sjukestugu – 72 år gamal.

Eg har ikkje berre mista ein god kollega. Kjell Vidar var også ein nær ven. Ein trufast og lojal kamerat. Ein person du kunne snakke om alt med. Også personlege spørsmål. Dessutan var han ein god støttespelar og eit nødvendig korrektiv til ein utålmodig og til tider litt for kreativ avisredaktør.

UNIKT: I 16 år – frå 1999 til 2015 – samarbeidde me tett. Som likestilte i ein toleiar-modell i Hallingdølen. Han som administrerande direktør med ansvar for pengesekken. Eg som ansvarleg redaktør med ansvar for innhaldet og det redaksjonelle produktet. Det er berre eitt å seie om dette samarbeidet – det var UNIKT. På all vis.

SKULLE BLI BYRÅKRAT: Det var ikkje gitt at han skulle ende opp i avisbransjen. Etter gymnaset på Gol drog han til Bergen. For å studere sosialøkonomi, sosiologi og offentleg forvaltning. Han skulle bli byråkrat, men vart headhunta av rektor ved Ål vidaregåande skole der han var lærar i 12 år. Dei siste åra også inspektør.

SKITUR: Ein skitur på Veståsen romjula 1987 snudde om på yrkeslivet. Bergo møtte avtroppande disponent i Hallingdølen, Erling Vindegg, som lurte på om han kunne tenke seg å søkje disponentjobben. Etter å ha rådført seg med storebror Olav Terje som var redaktør i Bergensavisen, takka han ja. Eit halvt år etter skituren sat han i disponentstolen med min eigen storebror, Sigbjørn Tormodsgard, som ansvarleg redaktør. I godt ti år leia dette tospannet utviklinga av Hallingdølen.

ELDDÅP: Den ferske disponenten fekk litt av ein elddåp. Hallingdølen stod overfor store utfordringar. Ei omorganisering og slanking av bedrifta var tvingande nødvendig. Viss ikkje, ville avisa gå konkurs. Bergo måtte ta ryddejobben.

Trykkeriet og aksidensavdelinga vart lagt ned. Ti tilsette måtte seiast opp. At ein lokal kar med sosialdemokratisk forankring starta sjefsjobben med å sparke fjerdeparten av arbeidsstaben i ei bedrift med 44 tilsette, var ikkje populært. Til og med nære personlege vener måtte seiast opp.

FAIR PLAY: Men Bergo stod i stormen. Og han kom ut av den utan øydelagde vennskap. Av ein enkelt grunn – fair play. Ryddig, ærleg, open, tydeleg, omsorgsfull. Slik var Kjell Vidar. Også i vanskelege saker. Dessutan var han utstyrt med ein god porsjon sosial intelligens og menneskekunnskap.

Etter 26 år i Hallingdølen gjekk han av som administrerande direktør årsskiftet 2014/2015.

STORE ENDRINGAR: I løpet av desse 26 åra var avisbransjen gjennom store og brutale endringar. Det måtte også Hallingdølen. Teknologi, produksjonsmåtar, form og innhald, produkt og forretningsfilosofi. Alt vart snudd på hovudet. Overgang frå fullformat til tabloid, nye magasinprodukt, pioner på fleire datasystem, nettavis som nytt produkt, fyrste avisa i Norge som innførte betaling for innhald på nett, utprøving av nett-TV som forretningsområde, fleire omfattande endringar av bladbunaden til avisa. Dette er i stikkordform nokre av endringane i Hallingdølen. I alt dette spelte Bergo ei viktig rolle.

«BØRS» OG «KATEDRAL»: Mange av endringane kunne vere smertefulle. Ikkje minst økonomisk. Men klokkartru på avisproduktet, på samfunnsoppdraget, på avisene som ein av grunnpilarane for eit levande folkestyre – dette sat i ryggmargen på økonomen og samfunnsvitaren Bergo.

Difor var det aldri nokon konflikt mellom «børs» og «katedral» i Hallingdølen. Mellom han som administrerande direktør og eg som ansvarleg redaktør. Me var eit tospann som dreiv butikken i lag. Mest som eit ektepar. Som trakka i beda til kvarandre. Som var samde om mål og verkemiddel. Som dyrka både gladskap og galskap i arbeidskvardagen. Som opererte i lag når me var ute og representerte Hallingdølen. Difor gjekk me under tilnamnet «Kjell Bjarne». Internt og blant kollegaer i avisbransjen.

AVISMOMS: Etter kvart fekk Bergo også sentrale verv innan fleire av bransjeorganisasjonane – i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og i Landslaget for Lokalaviser (LLA) kor han sat i sentralstyret. Her spelte han ei viktig og avgjerande rolle i kampen for momsfritak for papiraviser. Utan staheita hans ville avisene i dag truleg vore momsbelagt. Men han var ein fightar. Som ikkje kvidde seg for å tale byråkratane i Finansdepartementet, kulturminister, stortingspolitikarar og mektige krefter i eigen bransje midt i mot. Kjell Vidar stod på sitt – og vann til slutt.

STYRELEIAR: Samfunnsengasjementet strekte seg ikkje berre til Hallingdølen og medieorganisasjonane. Han vart også valt inn i styret i Sparebank1 Hallingdal. Fyrst som styremedlem. Seinare som nestleiar, frå 2008 som styreleiar. Eit verv han hadde til han måtte trekke seg på grunn av sjukdom i fjor.

Også i bankstyret hadde han eit sterkt og brennande engasjement. Han såg på Hallingdølen og banken som viktige samfunnsaktørar. Som heilt avgjerande og nødvendige for hallingane og Hallingdal.

I tillegg til vervet i banken var han også styreleiar i Hallingdølen. Eit verv han hadde frå 2016 og fram til i fjor haust.

UFLAX: Det er eit ordtak som heiter å vere gift med jobben. Kjell Vidar var det. Han levde to ekteskap. Eitt med kona Eva. Det andre med Hallingdølen. Men han hadde ein friplass. Ein «heilag» friplass. Dansebandet Uflax.

På 1960-talet starta han og nokre barndomskameratar bandet Tremblers. Godt vaksne og etter å ha flytta heimatt møttest tre av barndoms-kameratane samt nokre andre gode musikkvener for å spele i lag. Dansebandet Uflax såg dagens lys med Kjell Vidar som bassist.

Øvingane vart pusterommet i kvardagen. Her kunne han avreagere, lade batteria, bruke andre sider ved seg sjølv. Og det var kanskje heller ikkje tilfeldig at han var fast bassist i Uflax. Ifylgje ein forskingsrapport er bassisten det viktigaste medlemmet i eit band.

«HALLINGDØLKULTUREN»: Kombinasjonen fagleg dyktig, kunnskapssøkande, nysgjerrig på det nye, omtanke for andre, raus, inkluderande, omsorgsfull. Det var slik me opplevde Kjell Vidar som kollega og sjef. Kontordøra stod alltid open. Han var alltid tilgjengeleg. Han såg alle. Og han brukte tid på å gå rundt i huset for å snakke med dei tilsette. Kjell Vidar ville at alle skulle trivast på arbeid.

Dessutan var han oppteken av «hallingdølkulturen». Ein kultur tufta på likeverd mellom dei tilsette. Mykje humor. På å dyrke kreativitet. Så fekk det stå si i våge om ein gjekk på trynet ein gong i blant.

HANDYMAN: Familien, Hallingdølen og Uflax var grunnpilarane i Kjell Vidar Bergos liv. Han hadde alltid eit byggeprosjekt. Anten heime i Granhagen, eller på hytta på Øknin. Dessutan var gråsteinsmuring ein av hans store lidenskapar. Kjell Vidar var ein praktikar – ein «handyman».

STORT SAKN: Mine tankar går fyrst og fremst til Eva som har mista ein kjær mann. Til Espen og Andreas som har mista ei klippe av ein far, til Kåre som har mista ein omsorgsfull son og til resten av hans næraste familie. Det blir eit stort sakn å ikkje ha Kjell Vidar blant oss. Eit tomrom det er uråd å fylle. Men minna er mange og gode. Dei tek eg med meg. Dei vil eg gøyme på.

Eg lyser fred over Kjell Vidar Bergos minne.

Bjarne Tormodsgard

Tidlegare ansvarleg redaktør i Hallingdølen