LLA landsmote 2019 Kvinnheringen

Her melder du deg på årets aviskonkurranser. Frist: 24. januar

Husker du stemningen under prisutdelingen i Drammen i fjor? Er også avisa di nå klar for å kjempe om heder og berømmelse som blir lagt merke til i hele bransjen – også blant egne lesere og annonsører? Finn fram bidrag nå og bli med i LLAs spennende aviskonkurranser for lokalavisene.

Stemningen stod i taket da Kvinnheringen i fjor ble kåret til Årets lokalavis og Dølen og Strandbuen fikk hederlige omtaler. Årets lokalavisfoto gikk til Signe Fuglesteg Luksengard i Hallingdølen, Line Nagell Ylvisåker i Svalbardposten fikk LLAs journalistpris, Saltenposten vant markedsprisen og Gjesdalbuen vant prisen for årets digitale satsing. Nå er det altså klart for nye muligheter for lokalavisene i LLA-familien.

Finn fram bidrag i disse dager, fristen for å sende inn er fredag 24. januar! Alt sendes inn elektronisk her på LLAs nettsider.

Her er konkurranseomtalene og statuttene – som vi fornyet i fjor:

Årets lokalavis

LLAs Årets lokalavis-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktiv produktutvikling – og hedre lokalaviser som er lim og lupe på ein god måte i lokalsamfunnet. Juryen skal vurdere avisenes innhald og form, den skal sjå på heilskapen i avisas arbeid og produkt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa. Juryen skal også sjå etter lokalaviser som får mykje ut av lite.

Alle avisene som deltar, får tilsendt ei lita vurdering frå juryen.

Aviser som ønskjer å delta, skal sende inn tre valgfri avisutgåver frå siste årgang. Det skal vere aviser frå begge halvår.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Deltakande aviser kan samtidig også fylle ut ei enkel og svært kort eigenmelding på LLAs konkurransesider på nett. Her skal avisa føre inn kor mange redaksjonelle årsverk avisa har, og kor mange årsverk totalt som arbeider i avisa. Dersom avisa ønskjer, kan ho også skrive nokre få linjer om kva avisa er god til, og eventuelle spennande lesaraktivitetar det siste året. Utover dette finn LLA-sekretariatet fram opplagstal, dekningstal, økonomiske nøkkeltal og andre relevante opplysningar frå tilgjengelege kjelder for dei avisene som deltar – og legg dette fram for juryen.

Juryen skal vurdere heilskapen i avisproduktet – både på papir og nett. Sjølv om juryen ser både på papir- og nettutgåvene til avisene, skal også aviser som ikkje har ei sterk nettsatsing kunne kåres til Årets lokalavis. Også aviser som ikkje kjem ut på papir, kan delta. Det er heilskapen som skal leggjast til grunn. Juryen ser blant anna på innhald, bilde, presentasjon og annonser.

LLAs markedspris

LLAs markedspris-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til aktivt markeds- og salgsarbeid – og hedre lokalaviser som får mykje ut av sitt lokale annonsemarked. Juryen kan både sjå på heilskapen i avisas markedsarbeid og annonseprodukt, men kan også legge vekt på kreative og nyskapande tiltak i avisa.

Deltakande aviser kan fylle ut ei enkel og svært kort eigenmelding på LLAs konkurransesider på nett. Her skal avisa føre inn kor mange årsverk som arbeider med annonser, og kor mange årsverk totalt som arbeider i avisa. Avisa skal også kort omtale den konkrete markeds- eller salgsaktiviteten som avisa bidrar med i konkurransen. Her kan avisa også gi ei kort vurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet. Husk å få fram kva effekt markedstiltaket har hatt for kunden eller avisa – og gjerne kva inntekter avisa di har fått inn på tiltaka.

Utover dette finn LLA-sekretariatet fram opplagstal, dekningstal, økonomiske nøkkeltal og andre relevante opplysningar frå tilgjengelege kjelder for dei avisene som deltar – og legg dette fram for juryen.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

LLAs journalistpris

LLAs journalistpris deles ut til ein journalist eller ei lokalavis som har utført samfunnsoppdraget på ein eksemplarisk måte. Juryen ser etter saker som er eit eksempel til etterfølging for journalistikken i avisbransjen.

Aviser kan delta med enkeltsaker eller artikkelseriar. Kvar avis kan bidra med maksimum tre bidrag.

Deltakande aviser skal skrive ei eigenmelding på maksimum to A4-sider. Her skal avisa omtale det journalistiske arbeidet og grunngje kvifor journalisten eller avisa fortener journalistprisen. Avisa kan også gi ei kort eigenvurdering av kva tiltaket betyr for avisas omdømme i lokalmiljøet.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Årets digitale satsing

LLAs digital-konkurranse skal inspirere medlemsavisene til digital produktutvikling. Avisene kan bidra både med digital historiefortelling, lyd- og videoinnslag, animasjonar, grafikk eller andre måtar å gjere lokalavisas innhald spennande og tiltalande for lesarane på nett. I Årets digitale satsing skal juryen mest sjå på enkeltavisers kreative og nyskapande tiltak, men kan også sjå på den digitale heilskapen til avisa.

Deltakande aviser skal skrive ein kort omtale av avisas bidrag og digitale satsing.

Avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato. Avisa må også sende lenke til bidraget som avisa ønskjer å vise fram i konkurransen.

Årets lokalavisfoto

LLAs fotopris skal oppmuntre til bedre fotojournalistikk i lokalavisene. Vi ser etter bilde eller videoinnslag som fangar merksemda til lesarane og gjer ei god historie enda bedre.

Avisene kan bidra med bilde i papiravisa og/eller bilde eller video på nett, og juryen står fritt til å dele ut prisane til beste bidrag, uavhengig av plattform.

Deltakande aviser kan sende inn maks tre bidrag per journalist i avisa. Eitt bidrag kan vere enkeltbilde, bildeserie og/eller videoinnslag. Bidragsytar skal også sende inn avissida der bildet har vore publisert. Dersom avisa bidrar med nett-bilde eller video, må avisa sende lenke til desse, og avisa skal også gi frå seg til juryen fri adgang til avisas nettutgåve i minst fire månader frå innsendingsdato.

Årets lokalavisside

Årets lokalavisside skal oppmuntre til god formgjeving og eit bevisst forhold mellom presentasjon og innhald i papirutgåvene.

Avisene kan bidra både med nyhetssider, reportasjesider eller førstesider.

Kvar avis kan bidra med maks tre bidrag kvar, og LLAs fagjury velger ut fem finalebidrag. Deretter stemmer landsmøtedeltakarane fram Årets lokalavisside.

Generelt for alle konkurransane:

Det kostar 800 kroner å delta i Årets lokalavis-konkurransen og 500 kroner for kvar av dei andre konkurranseklassane. Det er same pris uansett kor mange bidrag som blir sendt inn i kvar klasse.

Alle bidrag må ha blitt publisert eller gjennomført i løpet av det siste kalenderåret.

Felles frist for alle konkurransane: Fredag 24. januar 2020. Alle bidrag sendes inn her på LLAs nettsider. Innsendt bidrag betyr at avisa er påmeldt, det er ikkje eige påmeldingskjema utover dette.

Filer som sendes inn må merkast med navn på avis, og i foto og journalistpriskonkurransen må også navn på journalist/fotograf vere med i filnavnet

F.eks:

  • Årets lokalavis: Avis1.filformat
  • Årets lokalavisfoto: Avis_Kari_Hansen_1.filformat

Alle prisar blir delt ut på LLAs landsmøte i Ålesund frå fredag 13. mars. Avisa kan sjølvsagt delta i alle konkurransar uavhengig om avisa er med på landsmøtet eller ikkje. Alle LLAs aviser oppfordres til å delta. Desto fleire som er med, jo meir spennande og ærefulle blir konkurransane!

Her sender du inn bidrag.

Vil du også melde deg på landsmøtet no? Her går du rett til påmeldingslinken!