Flaskepost på veg! Velkommen til LLAs landsmøte i elvebyen Drammen

I desse dagar får avisa di ein flaskepost med vann frå Drammenselva. Slik inviterer vi til LLAs landsmøte i elvebyen i mars. Takker du og dine ja til invitasjonen, får du vite meir om korleis lokalavisa kan lage enda bedre lokalaviser og sterkare engasjement blant lesarane og annonsørane dine.

LLAs sekretariat, her med Lene Østberg og Geir K. Hus, har sendt ut flaskepostar med landsmøteinvitasjonar.

Den gamle tømmerbyen Drammen har dei siste åra vore gjennom ei fasinerande forvandling. Takka vere lokalavisa og andre drivkrefters engasjement, har innbyggjarane blitt stolte av nærmiljøet sitt. Går du tur langs elvebredden, ser du eit lokalsamfunn som har fått eit flott løft på mange måtar.

Historien om Drammen blir også det faglege bakteppet for LLAs landsmøte i 2019.  Fredag 29. mars skal vi sjå og høyre kva politisk redaktør Karianne Braathen (bildet under) i Drammens Tidende og andre gode krefter i nærmiljøet gjer for å skape lokalt engasjement også no. Dagen derpå skal vi jobbe med egne aviser for å sjå korleis vi sjølve kan bli enda bedre i eigen kvardag. Gjennom praktiske eksempler og spennande foredrag, skal både redaksjonelle medarbeidarar, markedsmedarbeidarane og andre på avishuset få med seg heim nye idear, nyttig kunnskap og meir inspirasjon til å lage gode lokalaviser og større lokalt engasjement.

LLAs landsmøte er årets møteplass for alle som er glade i lokalavisene. I tillegg skal vi krydre landsmøtet med kulturinnslag og spennande prisutdelingar. Både i form og innhald vil du sjå at aviskonkurransane har fått ei lita fornying. Vi skal gjere enda meir stas på både nominerte aviser og prisvinnarane – enten det er små eller store aviser i LLA-familien. Når vi lørdagen avslutter festmiddagen med å kåre Årets lokalavis, kan vi love god stemning på alle måtar!

Legg også merke til at vi tjuvstarter landsmøtet med ein grave lokalt-dag torsdag 28. mars. I samarbeid med SKUP, har vi den dagen eit innhaldsrikt seminar i lokal graving på landsmøtehotellet i Drammen. Er du journalist eller redaktør, anbefaler vi på det sterkaste at du står tidleg opp og kjem deg til Drammen dagen før dagen. Som belønning blir du bedre til å drive med undersøkande journalistikk.

Under her ser du foreløpig program og påmeldingsskjemaet vårt. Alle som melder seg på før tidleg-fristen 18. januar, er med i trekninga av èin gratis fagpakke, verdi 1900 kroner. Siste frist, og med bindande påmelding, er 15. februar.

Invitasjonen til årets aviskonkurranser er også sendt ut. Bidrag skal sendast inn i januar. Sjå her for meir om aviskonkurransene – der vi lover meir og ny spenning for avisene!

I mellomtida er du kanskje klar for ein ekstra liten konkurranse og utfordring før jul? Alle som klarer å få ut invitasjonslappen frå flaskeposten vår utan å ødelegge flaska heilt – og som legg ut bilde eller video i LLAs Facebook-gruppe – er med i trekninga av tre Ja vi elsker lokalaviser-bøker, personleg signert av forfattar Ken André Ottesen!

Foreløpig program (justeringar og fleire navn kjem i januar):

Torsdag 28. mars, dagen før dagen:

11.00: Grave lokalt-seminar i samarbeid med SKUP. Blant anna om kvardagsgraving med Kristoffer Egeberg i Faktisk.no, Kostra- og kommunebudsjett med Ole Petter Pedersen i Kommunal Rapport og faktasjekk med Mina Liavik Karlsen i Faktisk.no. Også eksempler frå LLA-avisers gravearbeid – og innlegg av Finn Egil Holm i Vestre Viken Helseforetak.

Fredag 29. mars:

Frå 09.30: Mingling, avisprat, leverandørtreff, avisbord og registrering. Sannsynlegvis blir det også formelt årsmøte i LLA på denne tida.

Seinast 11.30: Offisiell landsmøteopning

12.45: Lunsj

13.30: Byvandring langs elvebredden, med fagleg innhald. Blant anna besøker vi politisk redaktør Karianne Braathen i Drammens Tidende, Trond Åsheim i Union Eiendom og studentar på Papirbredden/Universitetet i Sørøst-Norge (bildet under). Frå Næringsforeningen i Drammensregionen stiller Rune Kjølstad – som også har vore ordførar i Røyken og dermed veit mykje om lokalt engasjement.

Fredag ettermiddag: Mingling, avisprat, mat og første prisutdeling.

Lørdag 30. mars

Frå 09.00: Mingling, avisprat, leverandørtreff og avisbord

10.00: Landsmøteopning dag to

11.00: Parallellsesjonar for blant anna redaksjon, marked og teknisk

12.30: Lunsj

13.30: Parallellsesjonane fortsetter

19.30: Festmiddag med gjeve prisutdelingar og kulturinnslag

Praktisk informasjon: Landsmøtehotellet Scandic Ambassadeur Drammen ligg svært sentralt på Strømsø torg. Kun tre-fire minuttars spasertur frå Drammen jernbanestasjon og busstasjonen – og både Flytoget og NSB kjører frå og til Oslo lufthavn. Togturen frå Gardermoen til Drammen tar èin time. Kjem du med bil, kan du blant anna parkere i garasjeanlegget ved hotellet.

Rom på hotellet reserverer du gjennom påmeldinga di hos LLA. Reisen ordner du sjølv.

Her kan du laste ned prisane for landsmøtet 2019:

Landsmøtepriser2019

Her melder du deg på:

Påmeldingslinken

LLAs styre og sekretariat håper å sjå så mange som mulig frå avisa di i elvebyen Drammen i mars. Enn så lenge; sjå etter flaskeposten vår – og prøv gjerne å få ut invitasjonslappen! Har du tid og lyst, kan du også sjå ein liten videosnutt frå då vi fylte opp flaskepostane våre: