Èin månad til årets lokalavistreff! Sjekk foreløpig deltakerliste og kulturprogram.

Om ein drøy måned opnar LLAs landsmøte – i elvebyen Drammen. Etter byvandring, foredrag og lærerike kurs, avrundes lokalavisdagane med livlig festmiddag og spennande prisutdelingar. Sjekk foreløpig deltakerliste her:

Rundt 200 avisvenner frå store deler av Norge ventes til LLAs landsmøte frå fredag 29. mars. Då skal det aller mest handle om lokalavisenes ansvar for levande lokalsamfunn. Etter debattar, besøk av kulturministeren og byvandringa fredagen, blir det ei rekke parallelle og praktiske foredrag og kurs lørdagen – for nesten alle typar medarbeidarar på avishuset. Innimellom krydrer vi med kulturinnslag, blant anna med kjende låtar i nedstrippa bass/lokalversjonar frå Grenda-journalisten og musikaren Ingebjørg Eik, saman med bassisten Torgeir Lyby Vegge i metalbandet Aspherium (bildene under).

Etter lærerike og inspirerande dagar avrundes Drammenshelga med festmiddag og fleire gjeve prisutdelingar. Blant anna kårer vi Årets lokalavis. Lørdagskvelden krydres også med Lars Støvlands orkester og Schlagerselskabet (bildet øverst). Det blir det venteleg liv og røre av. Jan-Andrè Olsen frå Nedre Eiker (bildet under) skal vere kveldens toastmaster. Også han bidrar til ein livlig og verdig festmiddag med flinke og kjekke lokalaviskollegaer frå store deler av Norge.

Her er foreløpig deltakerliste, slik den ser ut 6. mars:

Påmeldtepr6mars

Dersom du savner ditt eige navn, og/eller veit om andre som burde vere med, så ta grep no! Desto fleire som er med frå avisa di, jo meir nytte og glede har du og dine av landsmøtet også når du er tilbake i kvardagen. Meld deg på her:

Påmeldingslink

Og her finn du alt om landsmøtet, inkludert alle dei praktiske kursa og mini-foredraga lørdagen.

Dersom du kjem til Drammen allerede torsdagen, kan du vere med på grave lokalt-skolen dagen før dagen – i samarbeid med SKUP. Sjå meir om graveprogrammet her.

Vi ønskjer deg og dine kollegare hjarteleg velkomen til LLA og lokalavisenes landsmøte.