trineskeigrande-portrett

Kulturministeren og gode aviskollegaer frå heile Norge kjem til Drammen. Du også?

I slutten av mars kjem minst 200 lokalavisfolk til elvebyen for å bli inspirerte til å lage bedre lokalaviser og levande lokalsamfunn. Kulturminister Trine Skei Grande (bildet) blir også med oss.

Skal du melde deg på LLAs landsmøte uten å lese meir om landsmøtet??! Trykk her:

Påmeldingslinken

Når LLA og lokalavisenes landsmøte opnar fredag 29. mars, skal det aller mest handle om korleis lokalavisene kan skape lokalt engasjement – og gjere nærmiljøa sine attraktive for folk å bu og arbeide i. Historien om elvebyen Drammen er eit godt og inspirerande bakteppe for årets tema. Takka vere lokalavisa og andre drivkrefters engasjement, har innbyggjarane i Drammen blitt stolte av lokalsamfunnet sitt. Første dag på landsmøtet skal vi derfor ut på byvandring for å få kunnskap, idear og inspirasjon til å engasjere oss enda meir i lokalmiljøet vårt. Dagen derpå kan du velge mellom ei rekke matnyttig foredrag og work-shops, slik at du kan reise heim frå landsmøtet med konkrete saker og spennande markedsidear som du kan bruke i eigen aviskvardag. Alt krydres med kulturinnslag og spennande prisutdelingar!

Vår programleiar Håkon Haugsbø (bildet) drar i gong debatten om nærmiljøet, lokalavisenes engasjement og ansvar seinast klokka 11.15 fredag 29. mars. Med seg på scenen har Haugsbø blant anna med seg leiaren for kulturkomiteen på Stortinget, Kristin Ørmen Johnsen frå Drammen, sjefredaktør Kristin Monstad i Drammens Tidende og leiaren i Drammen Næringsforening Rune Kjølstad (bildene under). Etter kvart får vi også med oss kulturminister Trine Skei Grande, som venteleg kan seie noko om mediemeldinga og lokalavisenes ansvar for å bidra til gode lokalsamfunn.

Sjefredaktør Kristin Monstad (t.h.) og journalist Inger Boldvik i Drammens Tidende bidrar begge på lokalavisenes landsmøte i elvebyen.

Deretter skal vi på inspirerande byvandring langs elvebredden – med faglege stopp på vegen. Blant anna skal vi besøke Drammens Tidende, Universitetet i Sørøst-Norge og Gildehallen til Aass Bryggeri. I avisa skal blant anna journalist Inger Boldvik snakke om «Folk i Nye Drammen», ein artikkelserie som har slått svært godt an på nett og papir. Adm direktør Øyvind Bladt Hagen fortel om korleis lokalavisene rundt Drammen tenker digitalt. På universitetet på Papirbredden får vi først bittelitt industrihistorie, deretter skal morgondagens lesarar utfordre oss. Silje Marie Murbræch, Cecilie Mæhre og Gerda Røren studerer visuell kommunikasjon og har klare meiningar om korleis lokalavisene bør vere på nett og papir. Hos Aass får vi litt historie frå Norges eldste bryggeri og litt om kva lokale kulturaktivitetar betyr for miljøet i Drammen.

Første landsmøtedag blir avrunda med sosialt samvær, avisprat og mat i glassfoajeen i Drammen teater. Då lader vi også opp til dei spennande prisutdelingane som skal vere under festmiddagen lørdagen.

Studentane som skal utfordre oss: Cecilie Mæhre (t.v.), Silje Marie Murbræch og Gerda Røren.

Les meir om vårt foreløpige program under her. Legg merke til at vi tjuvstarter dagen før dagen med grave lokalt-kurs – i samarbeid med SKUP. Også aviser som ikkje skal vere med på heile landsmøtet, kan delta på dagskurset vårt.

LLAs landsmøte er årets møteplass for alle som er glade i lokalavisene. Hjarteleg velkomen!

Her melder du deg på til landsmøtet, så snart som mulig:

Påmeldingslinken

Og her kan du sjå kva landsmøtet kostar:

Landsmøtepriser2019

Foreløpig program, mindre justeringar kjem etter kvart:

Torsdag 28. mars, dagen før dagen:

11.00: Grave lokalt-sekurs i samarbeid med SKUP. Blant anna om kvardagsgraving med SKUP-leiarane Silje Skiphamn, faktasjekk og lokal graving med Mina Liavik Karlsen og Kristoffer Egeberg i Faktisk.no og Kostra- og kommunebudsjett med Ole Petter Pedersen i Kommunal Rapport. Også eksempler frå LLA-avisers gravearbeid. Les meir om graveseminaret her.

Fredag 29. mars:

Frå 09.00: Mingling, avisprat, leverandørtreff, avisbord og registrering. Samtidig er det formelt årsmøte i LLA klokka 09.00.

Frå 11.00, seinast 11.15: Offisiell landsmøteopning med kulturinnslag, styreleiar Tomas Bruvik og deretter debatt om lokalt engasjement og lokavisenes ansvar. Med blant anna sjefredaktør Kristin Monstad i Drammens Tidende, stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen og Rune Kjølstad i Drammen Næringsforening. Programleiar er Håkon Haugsbø. Deretter leverandørbesøk, avisprat og pølsebuffèt.

Ca 12.00: Pølser, lomper og leverandørtreff

12.45: Kulturminister Trine Skei Grande

13.30: Byvandring langs elvebredden – med fagleg stopp undervegs. Vi går elvelangs og besøker blant anna Drammens Tidende, Papirbredden/Universitetet i Sørøst-Norge (bildet) og Gildehallen til Aass Bryggeri .

19.00: I glassfoajeen til Drammen Teater: Mingling, avisprat, avis- og popquiz med Erik Engen, mat og opplading til prisutdelingane. Drammensfotografen Nina Holtan deler ut pris for dagens beste bilde frå lokalmiljøet.

Lørdag 30. mars

Frå 09.00: Mingling, avisprat, leverandørtreff og avisbord

Frå 09.30: Landsmøteopning dag to. Kulturinnslag, inspirasjonsforedrag med Cathrine Magnus frå Olav Thon Gruppen (bildet) og digital oppvåkningsprat med blant anna Mattias Mellquist i Akershus Amtstidende og LLAs digitale prosjektleiar Tomas Bruvik.

11.00: Praktiske parallellsesjonar for dei aller fleste på avishuset. Sjekk fagspora for lørdagen her.

12.30 eller 13.00: Lunsj

13.30: Parallellsesjonane fortsetter

19.00: Festmiddag med gjeve prisutdelingar og kulturinnslag

Praktisk informasjon: Landsmøtehotellet Scandic Ambassadeur Drammen ligg svært sentralt på Strømsø torg, fire-fem minuttars spasertur frå Drammen jernbanestasjon og busstasjonen. Både Flytoget og NSB kjører frå og til Oslo lufthavn. Togturen frå Gardermoen til Drammen tar èin time. Kjem du med bil, kan du blant anna parkere i garasjeanlegget ved hotellet.

Rom på hotellet reserverer du gjennom påmeldinga di hos LLA. Reisen ordner du sjølv.

Her kan du laste ned prisane for landsmøtet 2019:

Landsmøtepriser2019

Her melder du deg på no:

Påmeldingslinken