Lørdagsprogrammet med parallelle fagspor

Mattias Mellquist i Akershus Amtstidende (Amta.no) deltar med digitale erfaringar lørdag morgon. Deretter går det slag i slag med praktiske parallellsesjonar resten av dagen.

 

Det er minst tre gode grunnar for å vere med på LLAs landsmøte: Du får ny inspirasjon, nye idear og meir kunnskap! Fredagen er det mest inspirasjon, debatt og byvandring med faglege stopp på vegen. Lørdagen kan du forsyne deg av parallelle mini-foredrag og work-shops nesten heile dagen. Slik får du praktisk kunnskap som du kan bruke i din eigen kvardag.

Dette er foreløpig lørdagsprogram (mindre justeringar og fleire navn kjem):

Frå 09.00, felles for alle: Avisprat, mingling, leverandørtreff og avisbord

Frå 09.30, felles for alle: Landsmøteopning dag to. Inspirasjonsforedrag med Cathrine Magnus frå Olav Thon Gruppen og digital oppvåkningsprat med blant anna Mattias Mellquist i Akershus Amtstidende (bildet over) og LLAs digitale prosjektleiar Tomas Bruvik.

Frå 11.00: Praktiske parallellsesjonar for dei aller fleste på avishuset. Du kan velge minst to av desse foredraga før lunsj:

Digitale trender og slik tenker vi i vår digitale kvardag. Lokale eksempler frå egne aviser.

Slik får vi vi fleire lesarar. Tankegods og praktiske oppskrifter frå lokalaviser som har lukkast digitalt.

Slik tar vi godt vare på annonsekundane våre. Cathrine Magnus, Olav Thon Gruppen (bildet under)

Slik samarbeider lokalavisene med lokale kremmarar. Lars Helgeland, Merkur-programmet.

Slik lager vi klimajournalistikk for lokale lesarar. Svein Olav Langåker, Framtida.no og Laila Borge, LLA.

Slik dekker vi kommunen vår før og etter kommunevalget. Lokale eksempler frå egne aviser.

Med kart og grafikk hjelper vi lesarane våre med å forstå innhaldet bedre.

Lyd & bilde work-shop; slik virker utstyret som brukes til livesendinger (bilde, lyd, sendeutstyr osv). Eugen Hammer, Gjesdalbuen og LLAs lyd & bilde-gruppe (maks 15 deltakere, forhåndspåmelding seinare)

Frå 12.30: Lunsj

Frå 13.30: Praktiske parallellsesjonar for dei aller fleste på avishuset fortsetter. Du kan velge minst to av desse foredraga etter lunsj:

Slik går vi i gang med direktesendingar i morgon! Eugen Hammer, Gjesdalbuen og Tomas Bruvik, LLA

Digital historiefortelling. NRK byr på tankegang og praktiske tips for lokalavisene.

Dronefotografering; slik illustrerer vi sakene bedre på nett og papir.

Nyttig kanalmiks for annonsekundane; slik fungerer Facebook, Google, Instagram og andre sosiale mediekanaler saman med lokalavisa på nett og papir

Lokale eksempler på godt annonsearbeid. Egne aviser.

Slik kan markedsmedarbeidarane både bidra til økt valgdeltaking og dra inn fleire annonsekroner! Lokale eksempler frå egne aviser.

Meir kvardagsgraving. Lokale eksempler frå egne aviser.

Slik bør lokalavisene jobbe med undersøkande journalistikk. Senter for undersøkende journalistikk, Universitetet i Bergen.

Kva skjer når riksmediene kastar seg over lokalmiljøet? Lokalaviser deler erfaringar.

19.30: Festmiddag med gjeve prisutdelingar og kulturinnslag

Her kan du sjå heile landsmøteprogrammet, der du også kan melde deg på. Vi vil helst ha alle påmeldingar på plass til 15. februar!