Fjordenes Tidende: F.v. journalist Louise Nygaard, marknadsrådgjevar Ståle Tennebø, journalist Marianne S. Rotihaug, journalist Gjert Myrestrand, sjef for redaksjonen Svanhild Breidalen, journalist Bjørn Erik Drabløs, redaktør Erling Wåge, marknadsrådgjevar Vilde Myhre Skavøypoll og marknadssjef Rune Henden. FOTO: FRITFJOF SILDEN

Fjordenes Tidende dekker samanslåtte kommunar:

– Vi skreiv brev til lesarar, abonnentar og annonsørar

Mange har lurt på om Fjordenes Tidende skal forandre seg når kommunane dei dekker blir slått saman med andre kommunar.

Fjordenes Tidende står midt oppe i to store kommunesamanslåingar, det som skal bli Stad kommune og Kinn kommune. Den eine kommunesamanslåinga er omtalt som Norges raraste kommune der store Bremanger ligg midt imellom. Vågsøy og Flora slår seg saman til nettopp Kinn kommune. I begge dei nye kommunane blir det to lokalaviser, oss pluss Fjordabladet i eine og oss pluss Firdaposten i den andre. Samstundes blir vi ein del av nye store Vestland fylke, fortel redaktør Erling Waage. 
Mange har spurd: Skal Fjordenes Tidende forandre seg og i tilfelle korleis?
Her er avisa sitt svar til lesarar, abonnentar og annonsørar som gjeld enn så lenge.