Born veit å tilpasse seg, og mange har nok funne nye måtar å halde kontakten på. Vest-Telemark blad har ei herleg sak om korleis to femåringar med eit nært forhold saknar kvarandre, men gjer det beste ut av situasjonen. FaceTime reddar nok mange forhold desse dagane, også for desse to.
Saka blei laga i godt samarbeid med foreldra til dei to barna som tok bilder og video då dei facetima, fortel journalist Tone Tveit.