Enge skule har lett tilgang på basseng, noko som kan vere grunnen til at mange av 10-åringane kan symje, skriv Grannar. Foto: Grethe Hopland Ravn, Grannar
Enge skule har lett tilgang på basseng, noko som kan vere grunnen til at mange av 10-åringane kan symje, skriv Grannar. Foto: Grethe Hopland Ravn, Grannar

Sjekk nivået på lokale basseng og symjeevner

Basseng rett ved skulen kan vere årsaka til at svært mange av elevane ved Enge skule kan symje, skriv Grannar. No kan du få statistikk om lokale basseng og ferske undersøkingar om 10-åringane sitt symjetilbod.

Ved Enge skule ligg bassenget inne på sjølve skuleområdet, og her får alle elevar frå 1. klasse til og med 8. klasse bassengtid kvar veke, skriv Grannar.

Langt frå alle skuleelevar har eit så godt tilbod. 692 skular har svart på ei undersøking som NRK har gjort, og som dei har delt med lokalavisene. 70 prosent svarte at elevane får under 60 timar symjeundervisning totalt i løpet av dei fire første skuleåra.

Undersøkinga er del av prosjektet «Heile Noreg svømmer», dratt i gang av Redningsselskapet, Norges Svømmeforbund og NRK for å bidra til færre drukningsulukker. Dei har og mellom anna henta inn informasjon om alle symjeanlegg i landet. Informasjonen deler dei med alle lokalaviser som er interessert. Her kan du til dømes sjå kor mange innbyggjarar som må dele på kvar kvadratmeter med basseng i kvar kommune. Det kan vere ein del nedlagde basseng i oversikten, så desse tala bør dobbeltsjekkast med kommunen. Det står litt om dette i ein faktaboks i denne NRK-saka.  

Neste veke kjem det ferske tal om symjeeigenskapane til barna.

Grannar har ei oppfølgingssak på blokka: Journalist Grethe Hopland Ravn skal vere med 4. klassingar + to ordførarar i basseng, for å sjekka om dei klarar å flyte på rygg i tre minutt. Ho har og planar om enquete for å sjekke om mannen på gata klarar 4.klasse-kravet.