Utsnitt frå den digitale jolekalenderen til Avisa Hordaland.
Utsnitt frå den digitale jolekalenderen til Avisa Hordaland.

Presenterer avisreisa, bladfykar og lesarar i kalender og 140-årsavis

Avisa Hordaland fyller 140 år i dag. Dei feirar med eit tilbakeblikk på avissoga i ei 140-årsavis i dag og kvar dag i jolekalenderen.

Etter 140 år har avisa eit arkiv rikt på skattar som er verdt å hente fram att. Noverande og tidlegare tilsette har mange gode minne å sjå tilbake på, og unge og gamle lesarar har sine meiningar om avisa. Alt dette har Avisa Hordaland utnytta i samband med 140-årsmarkeringa.

Det er fotojournalist og tidlegare arkivar Vidar Herre som har fått jobben med dukka ned i avisa sitt arkiv. Kvar dag vert ei ny luke i jolekalenderen avduka, med saker, foto, avissider og lysingar frå arkivet, dagens lesarar og dagens bladfyk.

Les til dømes Vidar Herre si eiga bladfyksoge om eit langt arbeidsliv med store og små sigrar i avisa som både har vore kåra til Årets Avis og Europas beste lokalavis. Eller Stine Carlsen sitt tilbakeblikk på den gong dei hadde åndeutdriving i avishuset.

I 140-årsavisa presenterer dei avisreisa som ei togreise, og viser til at avisa er frå same året som Vossebanen opna.

Framsida på avismagasinet som kom ut på 140-årsdagen til Avisa Hordaland.