NY SERIE: Sunnhordland går snart i gang med sin nye nett-tv-serie Voff.
NY SERIE: Sunnhordland går snart i gang med sin nye nett-tv-serie Voff.

Populær serie om kjæledyr

Sunnhordland fekk heiderleg omtale for serien Voff i LLA-konkurransen «Årets digitale satsing 2017». Kjæledyr og eigarane deira står i fokus i serien, som fekk mykje merksemd lokalt.

Sunnhordland fekk heiderleg omtale for serien Voff i LLA-konkurransen «Årets digitale satsing 2017». Kjæledyr og eigarane deira står i fokus i serien, som fekk mykje merksemd lokalt.

Alle slags moglege skapningar vart inviterte inn i tv-serien Voff, og dei valde også ulike eigarar, både med tanke på kjønn, alder og geografi.

Medan programleiar Kjetil Østrem tok føre seg det som skjer framfor kamera, sytte Marius Knutsen for lyd, lys, foto, video, grafikk og redigering bak kamera.

For å nå dei yngste sjåarane, oppretta dei spalta «Dagens Pia-nøtt», der dottera til Østrem, Pia Østrem, fungerte som stuntreporter. 10-åringen blei ein favoritt blant mange sjåarar.

For å engasjere sjåarane var det også fleire sjårkonkurransar i løpet av sesongen. Dei ulike quiz-spørsmåla fekk mange svar, og nokre heldige utvalde vann eksklusive Voff-krus.

Juryen skriv:

For ein promo! Her får du skikkeleg lyst til å sjå kva desse gutane og dyra har å by på. Programserien «Voff» frå Sunnhordland er ein gjennomarbeidd serie som er trufast mot konseptet – dei presenterer kjæledyr som er litt utanfor malen. Her er det godt gjennomført på detaljnivå. Castinga er glimrande, filminga vert ofte gjort i kjæledyrhøgde, grafikken er kreativ og programleiarane er profesjonelle og har mykje glimt i auga. Stuntreporter Pia (10) er også med på å gje sjåarane den herlege «feelgood»-kjensla, og konkurransen i serien er med på å skape engasjement utanfor skjermen.