I fjor fekk nesten 56 000 born og unge hjelp av barnevernet. Dei fleste sakene ender med at dei føresette får hjelpetiltak i heimen, skriv Ronny Bertelsen. Av dei som blir plasserte utanfor heimen, kjem dei fleste i fosterheim eller familieheim.
Journalisten laga ein faktaboks for å få fram dei ulike gradene av omsorgsovertaking, og planla saker om dei ulike tiltaka. Hittil har han laga fleire saker om familieheimar, som er eit tiltak for born og unge som treng tett oppfølging. Han har mellom anna laga ei sak med tekst, foto og video om ei ung kvinne som måtte i familieheim då ho var 12 år gammal. Ho fortel om korleis det var å bli eit familieheimsbarn, om erfaringane med barnevernet og om opp- og nedturar i livet. Ho er opptatt av at det offentlege også må ha eit apparat klart når barnevernsbarn fyller 18 år.
Bertelsen fekk kontakt med kvinna gjennom Bufetat.
– Eg hadde godsnakka med Bufetat. Dei fekk tillit til meg og forsikring om at dei skulle få ei hand på rattet, seier Bertelsen.
Då han kontakta Bufetat, viste det seg at dei snart skulle arrangere møte for å rekruttere fleire familieheimar. Difor var dei ekstra interesserte i at han skulle skrive om temaet.
Bertelsen har også laga ei sak om den tidlegare ordføraren som no bruker dagane på å vere familieheim.
No er planen å følgje opp med saker om familieråd og fosterheim.