Avisa Nordhordland har gjennom dei siste åra hatt fleire saker om ressursmangelen i politiet i Nordhordland. Dei har skrive om lang utrykningstid til oppdrag, og om korleis oppdrag i ytterkantar av distriktet blir nedprioritert. Politiet rykte ikkje ut då ein mann truga med å møte opp på kommunehuset med våpen og skyte kommunetilsette. Les redaktør Vegard Flatøy sin kommentarartikkel om temaet.
Den siste tida har TV2 sett nærare på bemanninga i politiet. Dei har mellom anna sett på talet politiårsverk per tusen innbyggjar i dei ulike politidistrikta. Siden tidleg på 2000-talet har det vore brei politisk einigheit om at det skal vere to politiårsverk per tusen innbyggjar. Men åtte av 12 distrikt har alle ei dekningsgrad på under 1,7. For Nordhordland politistasjon er talet 0,9.
TV 2 har spurt alle politidistrikta om kor mange politiårsverk dei har måtta nedbemanne det siste året på grunn av økonomi. Ni av tolv politidistrikt har kutta politistillingar, og over 290 politistillingar er nedbemanna berre i år.
Avisa Nordhordland har følgt opp TV2-sakene, mellom anna med å intervjua politikarar. Onsdag blei det kjent at lokalpolitikarane i Alver ønsker å stille krav til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) om at beredskapen ved Nordhordland politistasjon må bli styrka.