Lærarar fortel om skulekvardagen

Vest-Telemark blad bad lærarar svare dei på nokre spørsmål om den nye arbeidskvardagen. Resultatet vart ei rekkje fine kvardagsskildringar.

Journalist Tone Tveit i Vest-Telemark blad sette opp ei rekkje spørsmål (sjå faktaboksen) til lærarar.  Ho kontakta over 20 lærarar på dei ulike skulane i dekningsområdet på messenger og e-post, og ba dei sende ein tekst og eit bilde tilbake. Ein og ein lærar vart presentert under vignetten «Lærar i koronatider».

– I papirutgåva fredag vil me presentere alle 11 som har svara samla over seks avissider, fortel Tone Tveit.