Skjermbilete frå avisa Hordaland.
Skjermbilete frå avisa Hordaland.

Kartla vald mot dei tilsette på sjukeheimane

Avisa Hordaland har kartlagt over hundre alvorlege avvik knytt til vald på sjukeheimane dei siste tre åra.

Det har vore 123 registrerte avvik knytt til vald og trakassering på sjukeheimane i Voss herad dei siste tre åra. Det kunne avisa Hordaland fortelje etter at dei fekk innsyn i avvika frå sjukeheimane i Voss herad.

– Det var ein omfattande prosess å få innsyn, men då vi fyrst fekk det var det berre til å skrive saka. Dette er noko alle lokalaviser kan gjere, seier journalist Marita Saue Skjoldli.

Redaksjonen søkte først om innsyn i alle registrert avvik ved sjukeheimane, men det vart for omfattande for heradet, som måtte gå gjennom alle avvika for å anonymisere dei involverte. Då valde redaksjonen å avgrense seg til innsyn i avvik knytt til vald og trakassering. Resultatet vart ei sak der dei kunne løfte fram døme som desse:

«Nattevakt prøvde å hjelpa bebuar åleine. Dette resulterte i at nattevakta vart skubba, fall og brakk armen.»

«Bebuar slo til pleiar fleire gonger. Eine gongen eit kraftig slag i hovudet.»

Avisa har intervjua tre sjukepleiarar som er anonymiserte av omsyn til dei sjølve og bebuarane på institusjonane der dei jobbar. Dei fortel om ein kjekk, men krevjande jobb der dei må gjennom mykje.

Saka gjev innsyn i eit problem som mellom anna kan skuldast uro når det er få på jobb.

Avisa har også fått kommentarar frå hovudtillitsvalde, områdeleiar og kommunalsjefen for helse og omsorg.

Alle dei intervjua seier at det truleg er langt fleire avvik enn dei 123 registrerte.

Mange veljarar er opptatt av eldreomsorg i valkampen. Bli med på webinar tysdag 15. august kl. 10 for å få gode innspel til korleis du kan lage godt valkampstoff om eldreomsorg i din kommune.