Journalistane sine tilbakeblikk ved årsskiftet

Årsskiftet kan vere eit fint høve til å reflektere over året som gjekk, og minne lesarane på nokre gode saker frå avisarkivet. Slik gjorde Raumnes, Nye Troms og Bladet Tysnes det for eit år sidan.

Nye Troms markerte årsskiftet med fleire artiklar der journalistane såg tilbake på korleis jobben hadde vore det siste året.

«Livet går frykteleg fort. Det var noko samtlege av dei fire eldre (+) som avisa intervjua i haustavisa kunne stadfesta», skreiv Helen Frøyseth i sitt tilbakeblikk i Bladet Tysnes. Slik fekk ho vist lesarane tilbake til ei god arkivsak allereie i første linje av ein lengre leiar på nyttårsaftan.

I tilbakeblikket minnest ho saker ho har vore ute på som er minneverdige av ulike årsaker, og kva dei har gitt henne av lærdom og livsvisdom.

For Frøyseth var dette eit tilbakeblikk på hennar første år som journalist og redaktør i redaksjonen. Det var også Øyvind Ludvigsens tilbakeblikk i Nye Troms. Der skreiv han om korleis 2022 var året då journalistkarrieren hans starta, og korleis det innebar opplevingar og besøk som ein aldri hadde sett for seg. For han personleg er det menneskemøta som gjer mest inntrykk, skriv han.

Ludvigsen var ein av fleire journalistar som såg tilbake på året som gjekk i Nye Troms. Også i Raumnes såg fleire journalistar tilbake på 2022. Dei valde seg ut kvar si sak som hadde gjort sterkt inntrykk. Elisabeth Johnsen skreiv om si oppleving av natta då redaksjonslokalet vart evakueringssenter under ein brann i eit leilegheitskompleks i nabobygget.

Nye Troms har planar om tilbakeblikk i år også, fortel redaktør Martin Kristiansen. Avisa har kutta årskavalkadene, men i romjula kjem dei til å kjøre om igjen dei tolv mest leste sakene i året som gjekk, røper han.