I år har Hallingdølen valt å gjennomføre meiningsmålingar i alle dekningskommunane. Den første hadde dei i april, før valkampen var i gang og før mange av valgprogramma var klare.
– Då kom politikarane på bana og diskusjonane begynte, seier redaktør Lillian Holden.
Gav stoff i fleire veker
Hallingdølen har fått mykje politisk stoff ut av dei første meiningsmålingane. Dei har presentert resultata, intervjua politikarar og skrive kommentarar. Les ei av sakene her.
Avisa har løfta blikket og skrive om fenomenet meiningsmålingar og om samanhengen mellom nasjonale og lokale tendensar. Dei har har intervjua Jon Aaby i Poll of Polls og valforskar Signe Bock Segaard ved Institutt for samfunnsforsking.
Meiningsmålingane har også gitt stoff til Hallingdølens nye nyheits- og aktualitetspodkast Høyr, der dei i seks episodar skal presentere ordførarkandidatar frå alle kommunane i Hallingdal.
Redaksjonen har vore optatt av å få fram at tala er usikre, spesielt i dei minste kommunane der det er store feilmarginar. Lillian Holden synest likevel at målingane har ein verdi. Dei ser at tala følgjer dei nasjonale strømningane, samstundes som det er nokon lokale overraskingar.
Hallingdølen har planar om ein ny runde med meiningsmålingar nærare valet.
Det var Norfakta som gjennomførte meningsmålingene for Hallingdølen. LLAs medlemsaviser får rabatterte priser hos Norfakta.
Lær meir på webinar
På torsdag kan du lære meir om meiningsmålingar og korleis du kan få gode saker ut av dei. Då kjem talknusar Johan Giertsen frå Poll of Polls for å dele sine beste råd! Møtet foregår på Teams 15. juni kl. 10-11. Meld deg på her.
Samanhengen mellom nasjonale trendar og lokale valresultat blir blant temaa på vårt neste Teams-møte, torsdag 15. juni kl. 13-14. Då skal Marta R. Eidheim og Ingrid Kvåle Faleide ved Universitetet i Bergen presentere Norsk medborgerpanel.Meld deg på her.
På fredag skal Lillian Holden og tre andre redaktørar dele nokre av sine beste idear om valstoff som kan lagast i sommar. Deretter blir det felles idemyldring. Møtet foregår på Teams 16. juni kl. 10-11.Meld deg på her.